Arkiv for 1. desember, 2008
Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
I går hadde vi litt panikkstemning. Vi fekk for oss at vi kom til å havna i vindstilla, og at båtane lenger sør hadde funnet passaten. Vi stressa mykje med å tolke meldingane, og klarte ikkje halde båtfart med den vestlege kursen vi ville gå. Vi la oss difor meir sør slik at vi fekk fart i båten, og maila og ordna med Mads i Frivind.
Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Oppdatering på dasspapirsituasjonen. Det går tett opp mot ein rull om dagen, dette er langt meir enn vi hadde rekna med. Når ein skal handle inn for gode 25 dagar til sjøs er det mange omsyn som skal takast, maten skal vere haldbar, og det skal vere nok, men det kan heller ikkje vera for masse. På 11 meter båt som også skal lagra segl, drivstoff, klede og utstyr for havseglas er det avgrensa kva ein kan få plass til. Dei fleste innkjøpa har difor vore gjort etter nøye berekningar, vatn, 2 liter pr.person pr. dag, i tillegg til dette ein “soft drik” (dvs. brus), kjøttbollar, corned beef, og anna hermetikk har vore nøye berekna etter antall måltid. Andre ting som rett i koppen posar, te, nøtter, snacks og kjeks har vore teke litt på augemål. Det same har dasspapir. Difor har me no kome i ein situasjon som har potensiale for å bli kritisk. Vi kan heilt fint klare oss nokre dagar utan rett i koppen, dasspapir derimot.
Fortsett å lese ‘ARC dag 8 Oppdatering på dasspapirsituasjonen’