Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Roleg dag i går. Vi gjekk platt lens med rudt 4 knop heile dagen, og hadde litt galgenhumorpå at det vart nok julefeiring på havet. For å døyve skuffelsen over vinden som forsvann, fann vi ut vi skulle ha kinokveld. Vi rigga til med PCen på luka, og såg Pirates of the Caribbean (sjølvsagt) i cockpot med dunkel belysning frå fullmånen på ein ellers stjernklår himmel. Fantastisk flott stemning!
Etter filmen kom likevel vinden på besøk! Vi har i heile natt og fram til no i dag gjort god fart, og langt på veg tatt igjen det vi tapte på “vindstilla”. No går vi rom slør i tett oppunder 7 knop. Håpet om ankomst tirsdag har byrja stige igjen
Å sitte 3 uker i “badekar” har faktisk gått mykje betre enn først anntatt. No er det rimeleg bra benkar på denne typen Bavaria, eg er meir skeptisk til dei nye med den låge ryggen. Vi sit eigentleg ikkje so mykje, det vert heller til at ein ligg lettare henslengt rundtom. Vi har ein del puter, alle lause, og favorittane er dei skrå Angle Back putene og dei store Freebagane. Dei er formelege, og lette å få til å gje god støtte.
Vi saknar Bimini! På frivaktene er det ikkje sjeldan vi søkjer ly for sola nede i båten med ei god bok, og det spørst om vi ikkje lyt til å få laga oss ei biminiløysing når vi er komne over. Vi trer jibpreventaren frå enden av bommen til ei blokk heilt framme og tilbake til cockpit der den sit på ein vinsj. Eg spekulerte lenge på den saken som man kan tre forskjellig for å justere kor lett den går, men fekk klare advarslar mot å gå for ei løysing der preventaren er festa midt på bommen. Det aukar faren for at bommen brekk dersom den ta nedi, og i fjor brakk fleire ARC båtar bommen på grunn av at preventaren var festa midt på, ikkje i enden. Vi valde difor løysinga beskrevet over, men må tre den om kvar gong vi jibbar, Litt tungvindt, men vi har vel berre jibba tre fire gongar dei siste tre vekene
Det gror godt under båten ja, heilt vanvittig faktisk. Mange slike små “pølser” som heng der og dinglar. Vi har ikkje vaska den undervegs, men burde kanskje ha gjort det. Det stjel nok ein del fart… Farten har forresten komt seg, lettare å få TurboTempest i gang no. Forutan at vi har blitt betre på seglføringa har nok det med at vi byrjar nerme oss tonnet lettare no enn då vi forlot LasPalmas.
Favorittboka er litt forskjellig. Tord likte spesielt Vindens skugge, Benny var begeistra for Tusen strålende soler. Bengt (men og Tord) har lest Stieg Larsson og var imponert over dei. Kapteinen har berre rekkt å lese ei bok, har jo so mykje anna viktig på programmet Det var Balansekunst, og den var også god.
Når det gjeld musikk, så har vi faktisk ikkje anlegg ombord. Kapteinen dyrkar heller stillhet, og høyrer helst på havets lydar, vinden som spelar OBO på hola i spribommen, og DuoGenen som sildrar som ein bekk bak båten. Musikk i mine øyre er når skuta lagar så god fart igjennom vatnet at ein høyrer det fossar langs skutesida. Tord og Bengt har kvar sin IPOD eller liknande som det hender dei dreg over øyra.
Vi har ikkje fått meldingar om andre skader enn at nokre (tre-fire) båtar har brukket masta. Dei har alle komt seg til land på nødrigg eller for motor. Ellers var det ein båt sakna i fleire døgn på grunn av manglande rapportering, men den har dei fått kontakt med igjen etter at dei gjekk ut og ba alle ARC båtane kalle på dei med VHFen.
Alt vel ombord, stemninga stig etterkvart som timetellaren på plottaren tel ned.
Kapteinen
2 kommentarer til “ARC dag 21 Nattkino”