Tusen takk for alle gratu-lasjonar! Det er enorm moro at så mange følgjer med på bloggen og turen vår. Det inspirerer masse til å skrive, og vi skal sjølvsagt fortsette som før. Hittil har vi bare ein lokasjon i Sverige som vi mangler blogg fra, og det er intensjonen å blogge minst ein gang frå kvar stopp vi har. Ser dykk på kartsida vår begynner det å bli ei respektabel reiserute.
Det var fire stolte gutter som ankom St.Lucia den 16 desember 2008 ca klokka halv ni lokal tid. Etter å ikkje ha sett land på 22 døgn var det vanskeleg å få sove den siste natta når vi begynte å sjå lys som vi tolka til å komme frå land. Etter å ha gått over målstreken fekk vi beskjed om å ta ned segl og gjøre oss klare for å gå til kai. Medan vi hold på såg vi plutseleg ein dingy komme i mot oss. Det viste seg å være EmBlemgjengen som kom ut for å ta imot oss. Ein veldig hyggelig gest som vi satte stor pris på! Ikkje lenge etter kom også ein nedlessa dingy med med nachspielgjestar frå Rattata. Det var folk frå LasPrimas, Seafarer og Rattata som også kom for å ta imot oss! Vi var overvelda, og var overveldaover å bli møtt av så mange kjende. Vi var 11 i båten inn til kai, og ARC representantane stilte sjølvsagt med Rompunch til alle!
Slik ser ein stolt kaptein ut etter eit Atlanterhavskryss. For meg har dette vert ein livslang draum, og det vart akkurat slik eg hadde draumt om. Men, eg hadde ikkje klart dette aleine. Ei stor takk til Bengt, Benny og Tord som stilte som mannskap og gjorde turen til den opplevinga den har vert! Eit trygt og godt mannskap som var enkle og ukompliserte å ha med å gjere, og som eg kunne stole på når eg sov!
I tillegg er det to andre som skal ha mykje ære for at turen blei til. Pappa sa når eg presenterte turen at når det kom til sikkerhetsutstyr skulle det ikkje sparast. Han ordna det dermed slik at vi kunne ta oss råd til å kjøpe alt nytt og ikkje trengde tenke økonomi og kompromittere når det gjaldt dette viktige utstyret. Ein stor takk for det! I tillegg er det yngstemann Arnt som er med på heile turen, men som ikkje var med på kryssinga. Utan han hadde eg aldri fått båten klar for turen i tide, og heller ikkje komt meg til LasPalmas i tide til starten på ARCen. Han er eit enormt arbeidsjern, og er grundig i alt han foretar seg. Ein som du verkeleg kan stole på når han har fått deligert ansvar, og som også er initiativrik og sjølvstendig og tar ansvar for drifta av båten. Utan han hadde det rett og slett ikkje vert nokon tur, så tusen takk til Arnt. Det var godt å få deg tilbake på båten igjen no, og så skal vi berre nyte desse fire månadane med cruising her nede i karibien
Dagen etter ankomst hadde Rattatagjengen leigd inn 5 Hobiecatar og arrangerte x-mas challenge på stranda. Ein god start på dei 4 månadane vi no har føre oss. Heile den norske skvadronen stilte, og Tempest deltok med eit reint Tempestlag og eit LasTempest lag som dykk skjønar av namnet var eit blandalag frå Tempest og LasPrimas. Vi vann ikkje racet, men gjorde det svært bra på festen etterpå
I dag har vi vert på avslutningsfesten til ARC2008. Det var preimieutdeling, og det blir nok ein stor norsk fest utover natta no. Madonna vann overall! Tempest gratulerar! Vi er svært imponerte, og synest det er utruleg tøft at det var den aller minste båten av dei alle, og med den yngste deltakaren ombord, som vann. Eit lite “spark bak” til alle dei store dyre glisa som ligg rundtom i hamna her. Well done
Sjølv er vi svært fornøgde med å vere nummer 82 all over! Vi har og ein liten båt i denne samanhengen, og har eit mannskap med svært liten seglerfaring, så vi er strålande nøgde. No var ikkje regattaen noko viktig for oss, det var tryggheten og det sosiale i arrangementet, men når det først var ein regatta er det jo litt moro at vi gjorde det såpass bra. Spesielt er vi nøgde med å ha slått Las Primas som har ein skarpare båt og er mykje proffare på segling enn oss
NB: Vi har hatt problem med PCen vår. Det er difor vi ikkje har fått ut blogg før no, og det er også difor bileta frå havet blir litt forsinka. Men det kjem. Pappa, Arnt og Inga har mønstra på. Benny og Tord reiser heim til julefeiring i morgon. Vi som er att i båten dreg vidare nedover mot Bequia der dei fleste norske båtane skal feire jul.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Kjekt å få oppdatering igjen, sakna å lese om dokke kvar dag. De er komt vel fram og alt er bra. De må ha ei riktig god jul alle saman.
Ønskjer Benny og Tord ein god tur heim.
Ribba heng på stabburet klar til julafta.
Ha ei rettleg god jul adle.
Gratulerar med ein kjempe prestasjon. Vil og nytte høve til å ynskje dykk ei riktig god julefeiring!
Den som venter på nåkke godt venter ikkje for gjeves Sten! Eg unner deg den følelsen av å ha gjennomført en drøm. Kansje er det mest fordi det drypper litt på meg med tanke på at eg har to måneder med segling i Karibien foran meg? Å se bilder fra dåkke med palmer i bakgrunnen setter meg virkelig i reisesjukemodus, gleder meg veldig til å mønstre på! God Jul til dåkke alle sammen! Er spent på rapporter fra julefeiring i Bequia.
H.
BT melder at Amy Whinehouse har satt seg på første fly til St. Lucia.
http://www.bt.no/bergenpuls/musikk/article679376.ece
Tilfeldig? I think NOT!
Gratulerer med gjennomført seilas. Dere skal feire julen med sol og sommer, vi reiser til kaldere strøk ( Svalberd ). God jul og godt nytt år! Hilsen Edith og Steinar
Hei Arnt og resten av mannskapet. Regner med det var godt å komme tilbake til båten Arnt, og gratulere til dere som var med på kryssinga. Her heime ser det ut til at vi går for ei koselig Florøjul med regn og vind. Hadde vel ikke hatt så masse i mot å bytte plass akkurat no, husvask eller paraplydrink, ikke særlig vanskelig valg
God jul til dere alle sammen, og kos dere videre.
Jannicke og Kjell Jomar
Hallaisn gutter. Gratulerer masse med overfarten. Jeg har fulgt reisen fra dag til dag på bloggen og ledd godt av alle de vittige kommentarene. Ypperlig å se at det har gått såpass knirkefritt. Jeg husker godt da jeg, Silje og Chris før ganske mange måneder siden var emd Sten på seiltur i Oslofjorden og forsøkte å bidra til å overtale Sten til å våge å gjøre den store drømmen til virkelighet. Jeg tror vel neppe du angrer nå Sten. Ellers ga Silje uttrykk for at hun synes du har stilig med den nye “Lars-Monsen-looken” din Sten. Har du funnet frem barberhøvelen? Ellers så har jeg og Siljen blitt foreldre til en enomrt kul liten fyr. Han heter Ask og har en såpass lovende høyrefot at vi ser for oss at han kan bli Branns fremtidige høyreving. Ha en fortsatt strålende tur hele gjengen. Hilsen Paal, Silje og Ask
Vi ynskjer dokke ei riktig god jul !! Håper pappa Atle kosa seg like mykje som eg gjodde ombord i Tempest og saman med dokke !!
Har vore innom Google og sett sett dokke har funne ein fin plass for julefeiring !!
Ja, då er vel alt klart for julefeiring ombord. Ribba er lagt i vatn og akevitten vel i hus?
Vi alle med tilknyting til Krokavegen 50 vil få ynskje alle ombord ei Riktig Fin Julehelg og Godt Nyttår!
Takk for god underhaldning nok ein gong, og god seilas vidare!
De beste ønsker til dere alle for en fin og varm jul, og masse fine opplevelser i det nye året!
Julehilsener fra Eli & Erik for tiden i Bergen!
God jul alle mann! Her i florø får vi ei flott jul uten snø og uten internett. Lynet tok modemet men skulle få ny 22. desember. Seinast. Spurte ikkje om årstall desverre. Ellers så må dere ha ei riktig god jul.