Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Cruisingdag 2, vi kunne sjølvsagt ikkje segle forbi bukta der store delar av kulissane etter innspelingane av Pirates of the Caribbean fortsatt står igjen. Dermed forkorta vi “havkrysset” mellom St.Lucia og Bequia med ei overnatting i Wallilabou på St.Vincent. Fantastisk flott seglvind mellom øyene, deilig å segle ordentleg slør etter vekesvik med lens
Wallilabou er bukta der dei bygde opp kulissane for innspelinga av filme Pirates of the Caribbean. Mange av kulissane står fortsatt igjen, men dei er ikkje mykje veldikeholdt. Det var likevel moro å sjå, og vi måtte sjølvsagt ha eit bilete av Kaptein Sten Sparrow, den ukjende og litt meir forsiktige broren til Jack i ei av kistene som var brukt under innspelinga av filmen Dead Mans Chest.
Når vi kom låg EmBlem, Mango og Madonna der, men dei gjekk vidare til Bequia ikkje lenge etter. Vi har fått advarslar om å ligge i denne bukta aleine, så vi sjekka litt rundt og bestemte oss for å bli når både LasPrimas og Seafarer meldte sin ankomst. Vi ankra alle båtane opp i lag, slik at vi kunne gå fritt mellom båtane. Kvelden avslutta vi med viltgryte av hjort. Det står ikkje på kostholdet iallefall
Eit fenomen vi møter i alle bukter her (så langt iallefall) er relativt ivrige bøyemenn som kjem i mot oss i alle slags fargerike farkostar. Alt i frå små normale båtar til seglbrett utan segl. Dei første som kjem kjempar om å få hjelpe oss til med ei bøye, og nokon stader ei line i land. Dei skal ha ein slant for det, vi har ikkje heilt funnet ut kva som er gjengs pris, så dei får sikkert for mykje. Etter at båten er vel fortøyd dukkar alle deires fettarar og sønnar opp og skal selge alt frå frukt og grønt til souvernirar. Ganske masande, men kjøper du litt av ein og begynner å avvise resten får du stort sett fred resten av tida du ligg der. Må sikkert berre venne oss til at slik er det, og om ein taklar dei med eit smil er dei jo veldig hyggelige og pratsome tilbake.
I morgon legg vi kursen enda meir sør for å finne oss ein god plass i bukta på Bequia der mange skandinavar feirar jul…
7 kommentarer til “Pirates of the Caribbean”