Arkiv for januar, 2009
Vi måtte jo vise Bent bukta der Pirates of Carabbean blei spilt inn, så på veg nordover tok vi ei overnatting i piratbukta Walillabou. Der er det også eit tollkontor som er opent mellom 17:00 og 18:00 kvar dag, så då fekk vi samtidig sjekka oss ut av St.Vincent and the Grenadines. Veldig greit område å reise i i og med at så mange øyer går under samme innsjekk.
Vi er tilbake i Bequia. Musikkfestivalen starter i dag, og vi er klare
Frå Tobago Cays tok vi ein kjapp tur inn til Salt Whistle Bay på Mayreau. Frå mange andre båtar hadde vi høyrt at dette var ein paradisplass, og det seier vi oss einige i
Dette er utan samanlikning den reinaste og flottast Palmestranda vi har besøkt. Innimellom palmane ligg det også ein resort med bar og servering, men bygd på ein slik måte at ein nesten ikkje ser det frå bukta. Bukta er også veldig skjerma for vind, så vi holdt verkeleg på å renne vekk der vi låg.
No har vi verkeleg vert effektive synest vi. Vi ligg på UNION og er klare til å gå ut til Tobago Cays igjen i morgon.
Frå Grenada gjekk vi først ut i ei bukt og skrapa båten under for å ikkje slepe med oss for mykje skjell og groe mot ver og vind nordover. Det gror godt her nede, og strengt tatt burde vi nok tatt turen på land. Når jobben var gjort la vi kursen mot Carriacou som er den nordligste øya på Grenada der vi kan sjekke ut.
Som vi skreiv tidlegare hadde vi planar om å hoppe i nokre fossefall. Medan Pappa, Bengt og Inga fortsatt var her tok vi difor turen opp til eit “fossefall” for å sjekke forholda. Inga ville også sjå Apekattar, så vi valde eit fossefall som skulle ligge i nærheten av ein nasjonalpark som også skulle ha Apekattar. Vi bomma på det meste! For det første tok vi buss istadenfor å leige ein taxi. Det vi ikkje viste var at bussane ikkje gjekk særleg ofte på søndagar. Det var heller ikkje eigentleg opent på dette fossefallet, som på godt norsk hadde gått under betegnelsen bekk.
I tillegg til denne bloggen vert vi fulgt litt av Firdaposten.no Det er lokalavisa vår, som har lagt ut ein del bilder som vi ikkje har publisert på bloggen. Ta ein titt:)
På tide å farte vidare. Vi har funnet ut at det er greiast om vi går til Grenada for å foreta mannskapsbytte. Pappa, Bengt og Inga reiser heim og vår fetter Eilev Bent kjem på. Dei flyg alle frå og til St.Lucia, og dit er det greit å komme seg til frå Grenada.