Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så var vi godt i gang med det nye året. Vi ligger 5 timer etter norge, så vårt 2008 var fem timer lenger enn de fleste andres. Det føles litt slik også, ikkje mange andre år eg har opplevd så mykje nytt og spennande som i 2008. No satsar vi på at 2009 blir minst like opplevelsesrikt!
Medan eg og Bengt fullført PADI Open Water med nokre flotte dykk i ein undervannsfauna som minna om eit akvarium, har dei andre utforska øya over vannlinja. Mellom anna med ein spasertur til ein Skilpaddefarm.
Denne farmen plukkar egg på strendene og flaskar opp skilpaddene til dei er ca 5 år gamle. Då set dei dei ut igjen på den same stranda der dei plukka egga. Dødsraten er stor dei første fem åra, så dette er ein måte å bevare stammane på.
Inngangen til 2009 feira vi med ein felles grillseanse på stranda. Ca 50 skandinaviske langturseglarar gjekk i saman og fekk Will og kona til å stå for mat og grilling. Fantastisk god lokal mat, og i rikelige mengder. Drikke sto vi for sjølv, med danskar i flåten er ikkje det noko problem
No følar vi at vi har fått utforska Bequia nok, og er klare for å dra vidare. Vi har ikkje lagt ruta heilt enno, men sørover blir det iallefall i morgon. Nokon late dagar på Tobago Keys kanskje…
3 kommentarer til “2009”