Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Da har vi letta ankeret og starta cruisinglivet igjen. Vi segla i fin vind og flatt hav nedover til Union Island. Vi var ikkje klar over andre båtar som skulle hit, men på veg nedover fekk vi etterkvart høyre at Mango, Madonna, GoodMood, LaFamilia, Hilde, Barolo og LasPrimas alle var på, eller på veg til Cliffton. Dermed vart det igjen ei norsk samling.
Clifton var ein kul by med masse små og svært fargerike hus og salgsboder. Vi hadde planar om å bunkre opp litt basisvarer, men prisnivået her er rett og slett heilt vilt. Det er dyrare her enn i butikkane heime i Norge. Det einaste vi fann som var billegare var det populære flaskevannet frå VOSS!?!
Mange norske båtar som tilfeldigvis møtes i ei ny hamn betyr fest. Vi vart med LasPrimas ut for å ta ein siste middag med Henriette som mønstrar av og dreg tilbake til vinternorge. Vi ønska eit lokalt sted, og det fann vi. Når vi kom sjekka kokka om ho hadde nok mat til at ho kunne lage eit måltid til oss. Det hadde ho, og dermed satte ho i gang. Ingen meny eller matvalg, ho laga rett og slett eit måltid av det ho hadde. Etter langt om lenge kom ho med masse god mat, deriblandt konkyliar og kylling, og avslutta med ei heimebaka kake. Artig måte å gå ut på utan å hamne i alle turistfellene som man vanlegvis gjør.
No har vi tenkt oss nedover til Petit Martinique for å bunkre der. Det skal vistnok vere litt rimelegare. Ventar berre på vasken som vi skulle hente klokka ett. Når vi kom klokka ett hadde dei i god “CribbeanTime” stil sjølvsagt ikkje begynt på vår vask enno. Slik er det, berre å venne seg til
7 kommentarer til “Clifton på Union Island”