Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi skulle eigentleg gå til Petit Martenique, men der synest vi ikkje det såg so fint ut, Dermed gjekk vi til PSV (Petit St.Vincent) istaden. Det spelar eigentleg ingen rolle, for det er berre ein liten dingytur imellom dei to øyene. Dessutan tillhøyrer PSV Grenadinene, der vi no er sjekka inn, medan Petit Martenique tilhøyrer Grenada. Etter rett skulle vi då ha sjekka ut av Grenadinen og inn i Grenada, noko som hadde vert litt upraktisk sidan vi skal opp til Tobago Cays etterpå. No er dei visstnok ikkje så nøye på det akkurat på den øya, sidan den ligg litt aleine midt i Grenadinene.
Når vi kom låg allerede GoodMood og Atolla her medan LaFamilia holdt på å ankre opp. Etter at vi hadde fått feste kom det enda to båter med norske flagg som vi ikkje hadde sett før. Det viste seg å være to charterbåter med tilsaman 19 personar på singelreise!
Vi har nytta dagen har til å handle over på Petit Martenique. Vi hadde fått tips om at det skulle vere billegare enn dei andre øyene rundt her, og det stemte. Ikkje rasande billeg akkurat, og vareutvalget var ikkje veldig imponerande, men det holdt til det vi trenger for å kunne ta oss ei veke på svai. Heldigvis fekk vi tips frå Heidi fra MARELIA som tok samme turen i fjor om å bunkre basisvarene i Rodney Bay. Det er vi glade for, for det er virkelig ikke store vareutvalget her nede dersom en skal prøve å være litt prisbeviste.
Ellers har vi brukt tida til å gå tur på PSV. Det er ei privat øy med eit hotellkompleks av bungalowar på, men vi får lov til å komme i land og benytte oss av stranda og baren. Veldig flott øy, og vi nyter livet både på stranda og på svai utanfor her. I morgon set vi kursen oppover til Tobago Cays der vi nett hørte frå ein anna norsk båt på VHFen at man kan svømme med skilpadder
0 kommentarer til “Petit St.Vincent”