Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Mitt einaste definerte mål i Karibien har heile tida vert Tobago Kays. No er eg her, og det er faktisk akkurat så fantastisk som eg har drøymt om! Dette er ei lita øygruppe som ligg heilt ute i atlanteren, berre beskytta av eit rev dei kalla “Horseshoe Reef”. Her skal eg tilbake, det er iallefall heilt sikkert
Det bles godt her, men inne bak revet er sjøen heilt roleg. Då er det faktisk berre behagelig at det bles. Vi får dessutan nok straum frå DuoGenen til at vi ikkje treng ekstra lading frå motoren. Deilig
Her ute er eit eldorado for dykking og snorkling. På stranda rett innanfor der vi har ankra opp beitar havskilpaddene. Dei er store, og vi kan svømme fritt rundt i blant dei. Vi prøvde å få dei til å slepe oss, men dei stikker når vi dykkar ned til dei, så vi fann ut vi ville ikkje plage dei. Ellers er det både skater og hai! (ufartleg sandhai sa dei) å sjå når man snorklar rundt. På land krydde det av Varanar (trur vi) og utsikta er berre heilt draum. Vatnet og forresten, heilt klar sikt under vatn, og ovanifrå ser det turkis ut.
Også her traff vi ein ukjend båt med norsk flagg. Det viste seg å vere fire austlendingar som hadde leigd båt her nede i 14 dagar. Vi inviterte dei med på hummargrilling på stranda, og fekk “The Swedish Man” til å organisere for oss. Det var den beste hummaren så langt på turen, og kan verkeleg anbefalast.
VI begynner å venne oss til alle desse selgarane i sine små fargerike speedbåtar som kjem. Dei er veldig hyggelige om ein berre tek seg tid til å slå av ein prat med dei. Det som er synd er at dei opererar med heilt ville prisar, så det blir heilt uaktuelt å handle med dei. Veldig synd, for det hadde sjølvsagt gjort seg med ferskt brød eller frukt om morgonen, eller ein tunfisk dersom ein ikkje har fått napp sjølv. Å prute går berre til eit vist punkt, men dei stikk fort om ein prøver seg med for mykje.
5 kommentarer til “Tobago Kays, heaven on earth!”