Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
På tide å farte vidare. Vi har funnet ut at det er greiast om vi går til Grenada for å foreta mannskapsbytte. Pappa, Bengt og Inga reiser heim og vår fetter Eilev Bent kjem på. Dei flyg alle frå og til St.Lucia, og dit er det greit å komme seg til frå Grenada.
Sidan Grenada er eit nytt land og dei ikkje har toll og imigrasjon på Tobago Kays, måtte vi legge turen innom Union igjen. Vi tok berre ein kort stopp på nokon timar for å sjekke oss ut av landet. Deretter reiste vi over til Carriacou som tilhøyrer Grenada for å sjekke oss inn der. Det tar si tid alt dette offentlege kontorarbeidet, så vi fann ut det vart for seint å gå til Grenada den dagen. Dermed satte vi kursen til Tyrell Bay der LasPrimas låg for ein liten pitstopp.
Las Primas hadde også tenkt seg vidare nedover eit stykke, men vart ein dag forsinka på grunn av at dei hadde klussa med utsjekken frå Union. Det heile løyste seg greit, men når dei først hadde gjort noko feil trenerte offiserane tida slik at dei måtte vente til dagen etter. To av gjestemannskapet deira, Anna og Ragnhild, skulle reise heim frå Grenda, så dei har vi tatt med oss og seglar no nedover dit.
0 kommentarer til “Carriacou”