Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Etter ein fin seglas med varierande vindar har vi no kome til St.Georges, hovudstaden på Grenada. Det er ein “storby” (dobbel så stor som Florø), og har langt betre shoppingmuligheter enn det vi har vert vande med so langt i Karibien.
Vi hadde eigentleg tenkt oss til Prickly Bay, men igjen tok mørket oss før vi nådde så langt. Vi kutta dermed inn litt og gjekk inn i bukta på St.Georges. I dag har vi vert på sightseeing rundtom i byen, og handla masse frukt og grønnt på markedet. Prisnivået her er faktisk langt meir behageleg enn på øyene lenger nord. Det er heller ikkje det same maset frå folk i fargerike småbåtar om å kjøpe alt mulig rart til blodpris.
Folket er også litt meir avslappa her nede. Sjølv har eg no kome so langt i Frode på Mango sitt Limekurs at eg glir lett inn i tempoet Arnt sleit derimot litt med oppfølgingskommentaren i dag når ei av marknadsdamene strauk han på leggen og spurte om han nokon gong hadde fått massasje av “a black lady”. “You have so soft legs” proklamerte ho til stor latter og glede for alle dei andre marknadsdamene
Seinare i dag flyttar vi over til Prickly Bay. Der skal vi etter helga prøve å få båten på land for litt bunnsmørning (tar vårpussen vi no). Ellers har vi tenkt oss på ekskursjon til nokre fossefall som langturseglarar frå i fjor har utfordra oss til å hoppe ned (fem på rad vistnok). Vi har ikkje tenkt å vere noko dårlegare vi!
3 kommentarer til “St.Georges, Grenada”