Arkiv for 15. januar, 2009
Som vi skreiv tidlegare hadde vi planar om å hoppe i nokre fossefall. Medan Pappa, Bengt og Inga fortsatt var her tok vi difor turen opp til eit “fossefall” for å sjekke forholda. Inga ville også sjå Apekattar, så vi valde eit fossefall som skulle ligge i nærheten av ein nasjonalpark som også skulle ha Apekattar. Vi bomma på det meste! For det første tok vi buss istadenfor å leige ein taxi. Det vi ikkje viste var at bussane ikkje gjekk særleg ofte på søndagar. Det var heller ikkje eigentleg opent på dette fossefallet, som på godt norsk hadde gått under betegnelsen bekk.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





