Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
No har vi verkeleg vert effektive synest vi. Vi ligg på UNION og er klare til å gå ut til Tobago Cays igjen i morgon.
Frå Grenada gjekk vi først ut i ei bukt og skrapa båten under for å ikkje slepe med oss for mykje skjell og groe mot ver og vind nordover. Det gror godt her nede, og strengt tatt burde vi nok tatt turen på land. Når jobben var gjort la vi kursen mot Carriacou som er den nordligste øya på Grenada der vi kan sjekke ut.
Vi var litt nervøse for denne utsjekkinga i og med vi hadde så stort mannskapsbytte. Dei tre som reiste var fortsatt sjekka inn på båten, og eg hadde ikkje flightnummer og billetten dei hadde reist ut på. Det viste seg heldigvis å vere ubegrunna. Den samme offiseren som trua med å kaste LasPrimas i fengsel hadde i dag ein langt betre dag, og alt gjekk som på skinner. Ikkje spørsmål om nokon ting, og vips var mannskapslista korrekt igjen.
Carriacou er ikkje noko fin øy å ligge på, så vi gjekk vidare til Petit St.Vincent. Her ankra vi opp for natta for å kunne gå til Petit Martenique i dagen etter og bunkre diesel og vatn. Det er halv pris på dieselen her i forhold til på UNION. Vi starta dagen med å svømme i land for den daglege morgonjoggeturen
No har vi altså kome til UNION igjen. Her har vi sjekka inn i St.Vincent og Grenadinene, samt bunkra det siste av ferskvarer før vi legg utover til Tobago Cays for å feriere nokre dagar.
1 kommentar til “Tilbake i Grenadinene igjen”