Frå Tobago Cays tok vi ein kjapp tur inn til Salt Whistle Bay på Mayreau. Frå mange andre båtar hadde vi høyrt at dette var ein paradisplass, og det seier vi oss einige i
Dette er utan samanlikning den reinaste og flottast Palmestranda vi har besøkt. Innimellom palmane ligg det også ein resort med bar og servering, men bygd på ein slik måte at ein nesten ikkje ser det frå bukta. Bukta er også veldig skjerma for vind, så vi holdt verkeleg på å renne vekk der vi låg.
Ellers var dagen på øya prega av at det var dagen etter at Obama vart sett inn som President. Alle hadde tydelegvis feira dette, og på pubane var det anten fortsatt fest, eller de var stengt grunna litt slitne vertar.
Forutan å utforske øyer og strender gjer vi forresten også mykje anna arbeid. Eg og Bent har tatt eit krafttak under båten, skrapa all groe og vaska vasslinja. Det håpar vi hjelper litt på når vi no forventar litt motvind nordover. Arnt jobbar fortsatt iherdig med å få opna kokosnøtta han fekk tak i på Tobago Cays. Med drill fekk han den rett nok opp, men det er vel ikkje heilt slik dei skal opnast?


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






http://www.wikihow.com/Open-a-Coconut
For et fantastisk liv, nyt det til fulle!
Flotte bilder igjen, og morsomt at Las Primas legger igjen spor etter seg ;D
Hei alle på Tempest!
Kjempeflott side dere har ! Morro å følge med dere. Har selv en Bavaria 38, og vi har seilt til Middelhavet, vi overvintrer på Malta.
Vi kan nok ikke måle oss med tempraturene som dere har. Kos dere masse. Stor hilsen fra oss om bord i Solan. Lise, Knut Aage og Aage Martin.
Dåkke skal vel ikkje tilfeldigvis ta samme ruta neste år, så eg og Emilie kan hive oss med??? :o)