Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi måtte jo vise Bent bukta der Pirates of Carabbean blei spilt inn, så på veg nordover tok vi ei overnatting i piratbukta Walillabou. Der er det også eit tollkontor som er opent mellom 17:00 og 18:00 kvar dag, så då fekk vi samtidig sjekka oss ut av St.Vincent and the Grenadines. Veldig greit område å reise i i og med at så mange øyer går under samme innsjekk.
Bukta var ellers som den var før jul. Vi fekk same plassen, og dei same folka kom igjen roande og padlande ut i sine små farkostar for å selge oss frukt og heimelaga smykke. Vi innvilga oss eit måltid på land i dag, men det var vel kanskje ikkje heilt å anbefale. Faktisk første gong vi har sett kakkerlakkar i karibien, men her kjempa dei om plassen rundt bordet på lik linje med alle andre gjestane.
Så bar turen over til St.Lucia. Den øya har vi jo eit litt spesielt forhold til, det var her vi landa etter tre veker på havet før nyttår. Ei bukt som vi enno ikkje hadde besøkt, men som skulle vere fin i følgje guidane, er Marigot Bay. Godt skjult og skjerma for vær og vind, men ikkje for plagsomme selgarar. Nede på Grenadinene har det vert heilt ok med desse lokale båtaselgarane, dei har vert hyggelege og kjekke og prate med. Mykkje latter og humor, og om ein ikkje kjøpte gjorde det ikkje noko så lenge ein tok seg tid til å snakke litt med dei. Her er det annleis. Veldig pushy og masete, og vi har fleire gongar blitt skjelt ut og spurt kvifor vi kjem dersom vi ikkje kan kjøpe noko av dei. Å kjøpe av alle er inga løysing heller, det er dyrt, og alle sel det same. Begrensar seg kor mange bananar man treng på ein dag.
Etter å ha funnet ein ankringsplass (dei skulle ha 80 EC, litt over 200 NOK, for ein moring!) tok vi turen inn på land. Tydeleg at dette er ei rikmannsbukt. Flotte butikkar med stive prisar, men vi fann ein litt meir sailorsbar som hadde pizza på menyen. Vi gjekk for ein gigantpizza som vi delte på tre. Den var faktisk gigant, og tre vaksne karar klarte altså ikkje å spise opp!
2 kommentarer til “Litt piratvirksomhet, så nordover..”