Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så var vi tilbake der vårt karibiske eventyr starta. St.Lucia, nærmare bestemt Rodney Bay. Det var unekteleg litt rart å komme inn igjen i ein marina som hadde forandra seg frå å vere ein stor festivalmarina, til ein stille og roleg familiemarina.
Det er her vi no har tatt farvel med Bent som har vert med oss dei siste vekene. Men vi rakk først å få han med på ein fantastisk dykkedag nede ved Pitons. Den største dykkeopplevinga her nede so langt, vi såg masse fisk og murener, og svømte rundt og under korallformasjonar som var ganske spesielle. Har desverre ikkje undervannskamera, men det står høgt på ønskelista! Dagen etter inviterte Bent oss ut på hummar som ein avskjedsmiddag. Vi takkar for besøket Bent, det har vert gøy å ha deg med!
Så var vi aleine igjen, og det var på tide å få shina opp Tempesten litt under vasslinja. Vi heisa båten opp på torsdag, og ut att på fredag. Gjorde alt arbeidet sjølv, og Tempest var nøgd med resultatet Vi hadde kvia oss litt for båtpuss i 30 grader, men det gjekk egentleg veldig bra. Fredag var faktisk den mest overskya dagen vi har hatt her nede so langt, så det passa jo fint.
Sjekk forresten før og etterbildene av propellen, det er gutta som kan pusse det
No har vi gått inn at i marinaen. I morgon skal vi pusse og shine vidare slik at Tempest vert fin og klar til å ta imot Renate, Silje og Sara som kjem for å bli med oss ein månads tid. Vi gler oss!
9 kommentarer til “St.Lucia, dykking og båtpuss”