Arkiv for februar, 2009
Det er alltid det lettaste mannskapet ombord som klatrar i masta. Jentene nekta å gå på vekta, så igjen var det Arnt som måtte til pers. No er ny VHF antenne montert, og vi er oppe å går på radioen igjen. Så gjenstår det berre å finne ut kva som feilar dynamoen og PDAR-regulatoren. Det er irriterande at det ikkje kan fungere som det skal, for den gamle ladar så pass mykje mindre at det blir lenge å køyre motor for å friske opp batteria.
Så fekk vi endeleg sjå det: The Green Flash! Eit av mine draumar for kva eg skulle få oppleve på denne turen var å få sjå ein solnedgang som avslutta med The Green Flash. Det fekk vi i går. Eg såg at det ikkje var skyer i horisonten, så forholda låg til rette for dette spesielle fenomenet. Eg fortalte dei andre om det, jenten hadde ikkje hørt om det før, men jammen slo det ikkje til akkurat i det sola hadde brukt 8 minutter på å forsvinne ned i horisonten. Lyset endra seg til å bli heilt grønt, eit lite blink, og så var heile sola vekk.
Frå storbyens tilstandar var overgangen stor når vi steig i land etter å ha ankra opp i bukta utanfor Saint Pierre. Her merkar vi lite til streiken, anna enn at vareutvalet i butikkane er litt labert. Men vi har då både fått tak i praiserloff, kjøttdeig og kylling, så vi har ingen grunn til å klage. Ikkje minst med tanke på at her er klart badevatn og god temperatur, og havskilpaddene som svøm rundt båten gledeleg lar oss få ta ein dukkert og
Sidan alt av butikkar stort sett er ope, men utvalet noko lunkent i dagligvaren, rekna vi med det skulle gå greit å få gass dersom vi berre fann ein båt- eller gassbutikk. Vi satte kursen nordover, og hamna etter litt leiting etter ein god plass å ligge i hamna på Point de Bout. Det ligg rett ovanfor Fort de France dit det går hurtigbåtar heile dagen.
Ja det er ikkje noko lat- mannsliv å vere på langtur! I går jobba vi med diesel og proviantering dagen lang. Det var sjølvsagt ingen som kunne pumpe ut att dieselen frå tanken, så då var det berre å finne fram dieselkanner og ei manuell pumpe og sette alle mann i arbeid. Eg pumpa, Renate og Silje destruerte medan Arnt og Sara tok ein provianteringstur.