Ja det er ikkje noko lat- mannsliv å vere på langtur! I går jobba vi med diesel og proviantering dagen lang. Det var sjølvsagt ingen som kunne pumpe ut att dieselen frå tanken, så då var det berre å finne fram dieselkanner og ei manuell pumpe og sette alle mann i arbeid. Eg pumpa, Renate og Silje destruerte medan Arnt og Sara tok ein provianteringstur.
Det er veldig bra bunkringsmuligheter her. Ein stor taxfributikk ligg rett attmed dingibrygga, og utvalet er som om man handlar i Frankrike. Prisane er noko betre enn lenger sør, men det kostar jo fortsatt då.
Rett før sola gjekk ned (den går tidlig ned her) var vi ferdige med det vi måtte gjere med brygga, og lengta ut att på svai og klart badevatn. Vi tok turen ut at til Ste.Anne der vi “nødankra” første dagen. Her har vi rydda og vaska for å få vekk at diesellukta, men også fått anledning til å bade og nyte strandlivet litt. I dag har vi vakna til ein litt grå dag, og er usikre på om vi dreg vidare nordover eller om vi skal rusle litt rundt på land her. Skal vist vere ein ganske fin landsby med masse små tavernaer her.
Alt gjekk forresten bra med motoren, den går som ei klokke igjen, og vi merkar ingenting unormalt. Har for sikkerhetskuld skifta alle filter og gått igjennom drivstoffsystemet, så no forventar vi at resten av turen blir berre sol, varme og bading
![]()


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Hei igjen Tempest! Godt aa se at ogsaa andre mekker! Takk for hilsen, vi er fremdeles paa Tobago, men haaper aa ta dere igjen et eller annet sted for hjemreiseoverfarten. So long!
Godt at det ordner seg! Leit om det skulle kun vært jobbing når dere har så flotte besøkende! Vi ankom Saigon i dag tidlig, 06,00! Alt vel med lofferene!
Ha en fortsatt fin tur!
Loffeklemmer fra Eli & Erik.