Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Sidan alt av butikkar stort sett er ope, men utvalet noko lunkent i dagligvaren, rekna vi med det skulle gå greit å få gass dersom vi berre fann ein båt- eller gassbutikk. Vi satte kursen nordover, og hamna etter litt leiting etter ein god plass å ligge i hamna på Point de Bout. Det ligg rett ovanfor Fort de France dit det går hurtigbåtar heile dagen.
I denne landsbyen var alt som sto i guiden av info utdatert. Det fantes ikkje båtbutikk, ei heller gassleverandør. Den eine marinaen vi såg etter var fjerna, men vi kom oss no på plass i eit trangt hol tilslutt. Her inne var det ikkje vind, så heten var drepande. Men vi fekk vatn og straum tilkopla, så Tempest var iallefall nøgd. På veg hitover mista vi igjen ladinga frå dynamoen, så no er feilsøkinga i full gang. Arnt er mellomnøgd med dei trange løysingane ombord, men har etterkvart opparbeida stor erfaring i å jobbe i blinde. Sidan dynamoen er ute av spel tok eg ein runde med DuoGenen. Vi er IKKJE nøgd med kva den klarar å levere, men gjer den no ein siste sjanse ved å gå over absolutt alt med vask, rens og ny oppsmøring.
I tillegg til problem med dynamoen oppdaga vi i dag at VHF-antenna i masta var borte! Når det har skjedd anar vi ikkje, men den er iallefall vekke no.
Ellers har vi nytta to dagar ved kai her til å vaske tøy og gå på shopping. Dette er ein rein turistby, noko butikkane ber preg av. Alle sel stort set det same turisttøyet, bortsett frå dei som skil seg ut med å ha skikkelege klær. Der finn vi masse vi likar, men dei har tydeleg vis prisa seg inn på rike amerikanske turistar, ikkje fattige norske langturseglarar…
0 kommentarer til “Pointe du Bout”