Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
På jakt etter ny VHF-antenne har vi i dag gått over til Fort de France, der vi ligg på anker rett vest av festningen. Det er fint å ligge her, men vi blir nok ikkje meir enn ei natt. Forholda på land er nemleg ikkje fult så greie.
På veg inn med jolla blir vi vinka bort til ein engelsk båt. Dei fortel om at dei kvelden før hadde blitt kasta stein og flasker på, og når dei kom tilbake til jolla hadde nokon gjennomhulla den med mellom 15 og 20 hol. Ikkje hyggeleg, og vi bestemmer oss for å ta middagen ombord i dag! På dagtid er det heilt greit på land, det er om kvelden når dei streikande har fått litt innabords at det utartar seg litt.
Vi fekk tak i VHF-antenne og ein del anna båtutstyr. Den einaste butikken som var open var faktisk båtbutikken, der dei kom og opna når vi ringte på. Skydda for vindauga var nede, men ellers var dei i full drift. Utanfor passerte eit langt streiketog som vi venta på før vi returnerte til båten. Litt synd at det er slike tilstandar når vi først er i denne byen, vi har rett nok ikkje hatt nokon ubehageligheter sjølv, men tar dei advarslane vi får på alvor og dreg vidare i morgon tidleg utan vidare utforsking.
0 kommentarer til “Fort de France, stengt grunna streik.”