Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Frå storbyens tilstandar var overgangen stor når vi steig i land etter å ha ankra opp i bukta utanfor Saint Pierre. Her merkar vi lite til streiken, anna enn at vareutvalet i butikkane er litt labert. Men vi har då både fått tak i praiserloff, kjøttdeig og kylling, så vi har ingen grunn til å klage. Ikkje minst med tanke på at her er klart badevatn og god temperatur, og havskilpaddene som svøm rundt båten gledeleg lar oss få ta ein dukkert og
Det einaste problemet vi dumpa oppi her var å få sjekka oss ut av landet. Turistinfoen som hadde utsjekk var stengt grunna streik. Ein bar som også har utsjekk var også stengt. Eg vandra gatelangs for å finne nokon som kunne hjelpe meg litt, men det viste seg ikkje å vere så enkelt utan å kunne ei einaste fransk glose. Hverken Politiet, hotellbesetningen, museumsfolka eller nokon andre eg spurte kunne ei einaste glose engelsk. Ganske merkeleg fenomen, spesielt i og med at naboøyene på alle kantar har engelsk som hovudspråk. Men det løyste seg det og tilslutt, då cafeen med utsjekk opna rett før vi skulle til å dra opp ankeret for å gå over til Dominica utan utsjekkpapir.
0 kommentarer til “Saint Pierre”