Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Det er alltid det lettaste mannskapet ombord som klatrar i masta. Jentene nekta å gå på vekta, så igjen var det Arnt som måtte til pers. No er ny VHF antenne montert, og vi er oppe å går på radioen igjen. Så gjenstår det berre å finne ut kva som feilar dynamoen og PDAR-regulatoren. Det er irriterande at det ikkje kan fungere som det skal, for den gamle ladar så pass mykje mindre at det blir lenge å køyre motor for å friske opp batteria.
Segling i le av dei høge øyene er ganske krevjande. Vinden er alt anna enn stabil, i det eine øyeblikket er det stillt, i det neste kjem det nokre kast som legg båten langflat. Ein mann på storseglskjøte er viktig. Vi hadde ein fin seglas oppover mot Prince Ruperts Bay, rett nord for byen Portsmouth. Som alltid når det er meir enn ein båt på fjorden, vart det ein liten “regatta” mellom Saga-Tiba og Tempest. For å jamne ut fekk Morten som no er aleine i båten låne Sara og Silje som ekstra mannskap. Vi gjekk nok på eit lite nederlag, det var nok vind til at han fekk nytte av sine 49 fot mot våre 36. Når vi hadde sjangs, det vil sei når det nesten ikkje er vind, starta vi motor for å nå inn før mørket tok oss.
På Dominica har dei skulert og sertifisert desse båtgutta som fer mellom båtane og hjelper til og ordnar det meste. Eit veldig bra påfunn, og vi støtta opp om det ved å melde oss på deira faste søndagsgrillfest. Der går inntektene til å finansiere vakthold i bukta. Det tok litt av med rompunchen, så det var ein sliten gjeng som klokka 8 morgonen etterpå angra bittert på at vi hadde meldt oss på Indian River Safari.
I ettertid angrar vi derimot ikkje. Vi blei rodd opp den elva som dei brukte i Pirates of Carabbien. Der dei for opp elva for å besøke ho heksedama. Vi hadde ein godt skulert guide, og lærte masse om alle slags trær og fruktar, og fekk sjå masse fisk, landkrabber, firfirsler og fuglar. Mellom anna verdas minste fugl, Kolibrien.
Vi blir liggande her i nokre dagar. Las Primas er på veg oppover, og vi har bestemt oss for å vente på dei. Så då nyttar vi dagane til å bade og sole oss, så vi er utkvilte og klare for ein ny Rompunchfest når dei kjem
3 kommentarer til “Portsmouth, Dominica”