Frå Dominica til The Saintes

Silje og Sara har funnet eit gjenngrodd fortSlakteriet i PortmouthBetre med ei ku (eller to) i hagen, enn …Som sagt tidlegare er Dominica ei fattig øy, men folk er hyggelige, veldig opne, og det er masse å sjå og oppleve der. At det i tillegg også er klart vatn rett utanfor båten og temperaturen ligg rundt 30 grader (i og over vatn) gjer det til ein heilt grei plass å tilbringe litt tid.

Renate og Sara ved kanonene på CabritsVi bunkra diesel og vatn på Dominica. Dei har på grunn av streiken på dei omliggande franske øyene begynt å gå tomme her og.Cecilie kom på morrakaffi med sjølvbakte bananmuffins! Hurramegrundt :-)

Vi vart litt lenger enn vi hadde planar om for å vente på Las Primas. Dei har hatt ei lita pause heime i norge, så vi tenkte vi skulle gje dei eit lite oppfriskningskurs i latmannslivet igjen. Heilt kva som har skjedd heime i norge veit vi ikkje, men noko er det iallefall. Medan Lene har loge sjuk i forpiggen i to dagar har Cecilie blitt svært så husleg! Til morgonkaffi i Tempest stilte ho med sjølvlaga bananmuffins, og ryktet vil ha det til at ho har baka brød og laga middag også! Hadde eg vert Lene hadde eg loge sjuk nokre dagar til 🙂

Etter kvart var vi klare for å sette kursen vidare nordover. Det er fortsatt streik på Guadeloupe, men dei flotte småøyene The Saintes rett sør er relativt upåverka av streiken. Vi skal etterkvart oppover til Antigua for å foreta eit mannskapsbytte, men rastar her nokre dagar først.

Turen over var ikkje lenger enn i underkant av 20 nautiske, men med alle opp- og  nedoverbakkane trur eg vi segla dobbelt så langt 😉 Det var meldt rundt 20-25 knops vind, men både vi og Las Primas målte i periodar over 40 knop steady. I mellom øyene der ein får havdønningane rett inn blir det ein relativt ruskete tur. Etter at vi hadde komt i le av øyene igjen trudde vi det skulle bli roleg, og det blei det vel og, men då var det fram med sydvesten for å holde regnvatnet unna augene. Fekk nokre kraftige byger på oss, men det det varer heldisgvis ikkje so lenge i gangen her borte.

Jammen måtte ikkje sydvesten fram igjen.Ei opa dusjkran førte til 150 liter vatn i dørken. Godt dei 300 literne våre er fordelt på to tankar :)Europeisk standard på butikkane. Her utanfor ein såpebutikk.

No ligg vi i byen Bor des Saintes på øya Terre d’en Haut. Dette er franske øyer, og ferieområde for rike franskmenn. Det merkar vi godt når vi går på land her. Det ser fint og velstelt ut, og standarden på butikkane er meir europeisk. Stor kontrast til øya vi kom frå. No har vi avtalt shoppingdag i morgon, så då spørst det om ikkje eg tar med meg ei god bok og finn eit lite fransk bakeri med god kaffi 😉

Vi er litt usikre på kor lenge vi blir her. Streikeledarane sit vel i møte no for å avgjere om dei skal godta pakka som Frankrike har lagt fram. Dersom dei avsluttar streiken kan det hende vi går over til Guadeloupe og ser oss om litt der og. Om ikkje trur eg vi nyt dagane her før vi galant hoppar over Guadeloupe og seglar direkte til Antigua.

Kommentarer

7 kommentarer til “Frå Dominica til The Saintes”