Som sagt tidlegare er Dominica ei fattig øy, men folk er hyggelige, veldig opne, og det er masse å sjå og oppleve der. At det i tillegg også er klart vatn rett utanfor båten og temperaturen ligg rundt 30 grader (i og over vatn) gjer det til ein heilt grei plass å tilbringe litt tid.
Vi vart litt lenger enn vi hadde planar om for å vente på Las Primas. Dei har hatt ei lita pause heime i norge, så vi tenkte vi skulle gje dei eit lite oppfriskningskurs i latmannslivet igjen. Heilt kva som har skjedd heime i norge veit vi ikkje, men noko er det iallefall. Medan Lene har loge sjuk i forpiggen i to dagar har Cecilie blitt svært så husleg! Til morgonkaffi i Tempest stilte ho med sjølvlaga bananmuffins, og ryktet vil ha det til at ho har baka brød og laga middag også! Hadde eg vert Lene hadde eg loge sjuk nokre dagar til
Etter kvart var vi klare for å sette kursen vidare nordover. Det er fortsatt streik på Guadeloupe, men dei flotte småøyene The Saintes rett sør er relativt upåverka av streiken. Vi skal etterkvart oppover til Antigua for å foreta eit mannskapsbytte, men rastar her nokre dagar først.
Turen over var ikkje lenger enn i underkant av 20 nautiske, men med alle opp- og nedoverbakkane trur eg vi segla dobbelt så langt
Det var meldt rundt 20-25 knops vind, men både vi og Las Primas målte i periodar over 40 knop steady. I mellom øyene der ein får havdønningane rett inn blir det ein relativt ruskete tur. Etter at vi hadde komt i le av øyene igjen trudde vi det skulle bli roleg, og det blei det vel og, men då var det fram med sydvesten for å holde regnvatnet unna augene. Fekk nokre kraftige byger på oss, men det det varer heldisgvis ikkje so lenge i gangen her borte.
No ligg vi i byen Bor des Saintes på øya Terre d’en Haut. Dette er franske øyer, og ferieområde for rike franskmenn. Det merkar vi godt når vi går på land her. Det ser fint og velstelt ut, og standarden på butikkane er meir europeisk. Stor kontrast til øya vi kom frå. No har vi avtalt shoppingdag i morgon, så då spørst det om ikkje eg tar med meg ei god bok og finn eit lite fransk bakeri med god kaffi
Vi er litt usikre på kor lenge vi blir her. Streikeledarane sit vel i møte no for å avgjere om dei skal godta pakka som Frankrike har lagt fram. Dersom dei avsluttar streiken kan det hende vi går over til Guadeloupe og ser oss om litt der og. Om ikkje trur eg vi nyt dagane her før vi galant hoppar over Guadeloupe og seglar direkte til Antigua.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






ÅÅÅÅÅ nå har dere det fint!! Kos dere veeeeeldig nå og oppover. Ser at dere tenker å hoppe over Guadeloupe og det er vi enige i BORTSETT fra ETT STED: PIGEON ISLAND!! Går an å bare ta noen timers stopp på anker og gå over til de små øyene og SNORKLE ET PAR TIMER. Det er nemlig her familien NEMO bor!! hehe Vi hadde noen helt supre timer rundt skjæra der ute. Dere finner fine små bøyer å feste dingiene i! LYKKE TIL VIDERE - VI LESER HVER DAG.
Morn der!
Ser dere vil droppe Guadeloupe; vi stoppet på Pigeon Island og i Deshaies og overnattet begge steder - helt ok. Saga Tiba fikk tom fuel tax free i Deshaies, men det har dere sikkert nok av!
Vi blir liggende i English Harbour ett stykke ut i neste uke for å få fikset autopiloten - snakkes!
Hilsen fra Pigalopp
Eg vil berre melde frå om at handlelista er motteken og den er fordelt:) I tillegg begynne reisefeberen å komme med full styrke. Det er ikkje lenge igjen no faktisk..
Hei på dere !
Godt å høre at dere får litt vind i seilene dere også.
Her i Santa Cruz er det karneval tid. I kveld er den grande finale.
Den må vi ha med oss.
Alt vel ombord på Endely.
PS. Har dere vært på Ihl de Saint.(tror det skrives slik) vert et besøk.
Pigalopp: Vi er på vei oppover, går til Pigeon i dag og til English Harbour i morgon. Vi sees!
Endely: Det er der vi er, eg tok den engelske versjonen av namnet
Hei Tempest! Vi er på Carriacou og beveger oss sakte nordover. Ser dokker har det bra, tross dieselproblemer. Satser på å være på St.Martin i slutten av april. Før det kommer vi til å bruke noe tid på de midterste øyene. Hils masse til Las Primas-jentene! Vi må jo få samlet den norske armada til en skikkelig strandbarbeque før returen! So long!
NO e eg reisesjuk!!! Det e bare 6 dager til vi møtes på Antigua, så lenge det ikkje blir trøbbel på reisen (bank i bordet)! Eg ser fram til asurblått hav og VARME! Har sjekka sporinga på dynamoen dåkka, håper den e her før fredag
Ses snart!
Henrik.