Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
The Saints var absolutt øyer vi anbefaler ein stopp på. Fine gater å rusle i. Det var ein del av forflyttningsplanen å ligge i ro der på søndagen, for då var det meldt mykje vind. Det slo til, og vi har aldri nokon gong sett so mykje båtar på drift!
Ein katamaran dreiv heilt over på andre sida av bukta før dei som kom først ut fekk start på motorane rett før den dreiv i steinura. LasPrimas såg opptrinnet og kalla oss opp sidan vi hadde motor på jolla. Eg køyrde over og sjekka om dei trengde meir hjelp. Dei hadde kontroll, men eg hjalp dei med å gå under katamaranen for å fjerne noko bølgeblikk som hadde hengt seg på ankeret. Når vi seinare på dagen sat inne på ein cafe såg vi to andre båtar drifte. Det positive var at alle tydelegvis var obs og fulgte med. Vi blei kontakta av betjeninga då nokon ringte og sa at enda ein båt var på drift, men det var heldigvis ingen av våre.
På grunn av at streiken på Guadeloupe bestemte vi oss for å segle litt raskt forbi. Etter råd frå fleire andre stoppa vi likevel på Pigeon Island for å snorkle litt blandt Nemo og vennene hans.Vi hadde sånn halvegs planar om å legge oss på gul bøye ute på sjølve Pigeon Island, men dei såg ikkje så tillitsvekkande ut at eg ville ha båten der over natta. Vi la oss derfor inn i bukta innanfor på “fastlandet”.
Det blei litt snorkling, men etter at Lene og Sten utfordra kvarandre til å bli klippa med maskin, utvikla denne stoppen seg til å bli den store frisørrasten. Lene, Sten og Cecilie er no nyklipte og fine, og vi reknar med at shampobudsjettet no kan halverast
I morgon tidleg set vi avgårde klokka 04:00 for å segle oppover til English Harbour på Antigua. Der blir vi liggande nokre dagar for å foreta litt mannskapsbytte.
4 kommentarer til “Pigeon Island, Guadeloupe”