Arkiv for mars, 2009

Peters Island, Grillfest

Yr, Barolo og Pigalopp forran stranda der vi hadde grillfest om kveldenBåla blir tende, og grillane klargjorte.Nok ei ny bukt med krystallklart vatn og god snorkling. Vi er her med Pigalopp, Saga-Tiba, Barolo og Yr. Yr tok initiativ til grillfest på stranda, og alle båtane møtte sjølvsagt opp. Flott kveld med gitar, song bål og grilling.

Fortsett å lese ‘Peters Island, Grillfest’

Norman Island

Stor gjensynsglede når LasPrimas dukka opp igjen. Vi para opp på felles bøye.Flytande norsk øy, Tempest, LasPrimas og Pigalopp.LasPrimas, Tempest og Pigalopp tar morgonbadet. Heilt grei måte å starte dagen på ;-)No kjem da seg her, betre enn vi har det no kan det vel knapt bli. Vi har god tid, ikkje noko stress, masse kjekke vennebåtar i området, klart vatn og ein undervannsflora som berre er heilt fantastisk! Dagane går med til snorkling og avslapping, slik skal livet levast. Vi ligg no i The Bithe, der vi deler moring med LasPrimas, og har Pigalopp rett bak slik at vi kan slenge tau over til dei og dra båtane hekke mot hekk. Veldig sosialt og fint, ikkje minst når Ann Kristin får det for seg ho skal bake sjokoladekake!

Fortsett å lese ‘Norman Island’

Road Town, Tortola

Henrik vart feira med sjokoladekake og grilling av fisk som Juno hadde fiska på veg hit.Road Town, ein relativt død byGlade Jonathan fra Pigalopp på tur på bryggaSidan Karianne skulle reise, og vi skulle feire bursdagen til Henrik, gjekk vi til marina i Road Harbour.

Fortsett å lese ‘Road Town, Tortola’

Virgin Gorda - The Baths

På oppdagingsferd mellom granittblokkeneDet var også litt sandstrand innimellom granittblokkeneEin Baracuda som tok hus under båten.Etter ein perfekt, og eg meiner PERFEKT, seglas over til BVI fann vi ut vi skulle ta ein stopp på Virgin Gorda og The Baths. The Baths er ei strandsand der det ligg massevis med enorme granittblokker i tilfeldige formasjonar som dannar masse stilige hulrom og grotter. EmBlem, Mango og Amor Fati har alle beskrevet dette som det beste stedet hittil på turen, og vi må berre stemme i.

Fortsett å lese ‘Virgin Gorda - The Baths’

St.Martin - Taxfreemekka

Ein flott dag på “fjorden”Dette var øya for gutta det! Ei taxfreeøy der dei faktisk hadde butikkar med elektronikk, og alt i siste oppdaterte utgåve. Berre synd visakorta ikkje er like oppdaterte. Vi har loge i marina i Simpson bay, ein stor lagune midt inne i øya.

Fortsett å lese ‘St.Martin - Taxfreemekka’

St.Barts

Rotete sjø over til St.Barts, her er litt av Pigalopp i det dei for forbi oss.Her ligg fiffen. Dei minste båtane her inne, dei store ute på svai. Vi ligg innerst;-)Etter ein relativt rotete seglas, som eg trur kanskje det berre var kapteinen som nøyt, har vi no lagt oss på bøye i byen Gustavia på St.Barts. Her ligg vi med fiffen, dette er ferieøya til rike amerikanske filmstjerner og andre VIPer med fine vaner. Vi føler oss sjølvsagt heime her og vi, ikkje minst med det store innslaget av svenske navn over alt.

Fortsett å lese ‘St.Barts’

Barbuda

18 km strand, seks båter på svai, god plass… :)Mere strand….Sidan vi skreiv at vi var litt usikre på veret tenkte eg det var best å fortelle at vi er komne vel fram. Vi ligg no på svai i Low Bay på Barbuda. Det er nesten vindstille og vi ligg heilt i le for svell.

Fortsett å lese ‘Barbuda’

Long Island og Jolly Harbour

Long Island er ei privat “resort” øy. Flott, men sikkert dyrt med hus der.Gjestane nyter livet på svai.Etter ein liten svipptur med ei overnatting oppom Long Island nord på Antigua fann vi ut at vi skulle vente nordavinden av her på Antigua. Vi vil ha med oss Barbuda, og då må vi berre vente på ver til å kunne gå dit. Vi la difor turen sørover igjen, og har no nytt nokre late dagar i Jolly Harbour.

Fortsett å lese ‘Long Island og Jolly Harbour’

Deep Bay og vrakdykking

Tempest og LasPrimas parankrer i Deep BayLang fin sanstrand i svømmeavstand fra båtane.Gammalt nedlagt fort som i sin tid forsvarte byen St.John.Vi gjekk opp til Deep Bay for å snorkle i klart vatn. At det i tillegg ligg eit gamalt vrak inne på grunna her er ein ekstra bonus. Flott lang strand, palmar og eit gamalt fort som man kunne spasere tur på.

Fortsett å lese ‘Deep Bay og vrakdykking’

Jolly Harbour og nytt mannskap

Henrik og Karianne, vi var nøgde med bagasjemengden. Halvparten var jo delar til oss :-)Så var Silje og Sara komne vel heim til snøen igjen, og vi har mottatt to nye forfrosne florøværingar til opptining. Henrik og Karianne er installert ombord, og vi har skrudd på sola så vi får tina dei opp. Det skal nok gå bra :-)

Fortsett å lese ‘Jolly Harbour og nytt mannskap’