Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så var Silje og Sara komne vel heim til snøen igjen, og vi har mottatt to nye forfrosne florøværingar til opptining. Henrik og Karianne er installert ombord, og vi har skrudd på sola så vi får tina dei opp. Det skal nok gå bra
Når vi var oppe og skifta VHF-antennaoppdaga vi at ein kordell i eit mellomvant var gåen. Vi kontakta Antigua Rigging, som tok oppdraget på strak arm. Frå andre langturseglarar i hamna fekk vi sterke advarslar angåande prisnivået, så overraskinga var stor når dei presenterte rekninga på 198 US$ all inclusive for to mellomvant inkludert arbeidet med skifte.
Jolly Harbour er ein fin marina, men det går ikkje å ligge på svai der inne. Vi la oss difor utanfor innkøyringa i lag med Pigalopp, Saga-Tiba og Las Primas. Vi er litt mellomnøgde med å ligge her, vatnet er for uklart til å dykke, og det er veldig langt inn til “byen” med jolla. Vi har difor benytta oss av det vi kom for, eit MEGASUPERT supermarked til proviantering, og legg no kursen oppover til Deep Bay der vi skal snorkle på eit skipsvrak som ligg midt i bukta.
Til damene i Brendøyvegen 10; -Berre å komme med ønsker, så tar vi bilder vi
12 kommentarer til “Jolly Harbour og nytt mannskap”