Etter ein liten svipptur med ei overnatting oppom Long Island nord på Antigua fann vi ut at vi skulle vente nordavinden av her på Antigua. Vi vil ha med oss Barbuda, og då må vi berre vente på ver til å kunne gå dit. Vi la difor turen sørover igjen, og har no nytt nokre late dagar i Jolly Harbour.
![]()
Seglinga ned att var av dei beste så langt i Karibien. Endeleg medvind igjen, og kapteinen hadde ein stor dag med flashback frå Atlanterhavet. Vi legg ut nokn bileter som vi har fått av Saga-Tiba og Pigalopp som vi segla i lag med. Legg merke til at etter at segla kom opp måtte dei ta bilete av oss bakifrå
Dagane i hamna har gått med til daglegdagse gjøremål. Kokkekarianne slo til med skikkeleg buabiff, Renate har vaska klær, Arnt har skifta dynamo igjen medan eg og Henrik har jobba med seiltur.no. To båtar som legger ut i mai har bestilt bloggar som vi har satt opp, samt at vi har flikka og jobba litt med nokre andre prosjekt på seiltur.no sida.
I morgon legger vi ut på havet igjen. Vi prøver oss på Barbuda. Det blir nok ein skarp seglas, men Turbo Tempest er i toppform, og været skal roe seg betrakteleg slik at det skal gå greit å ligge der til torsdag. Torsdag er planen at vi seglar vidare til St.Barts og mengar oss med fiffen der.
Til slutt nyttar vi høvet til å gratulere Onkel Hjalmar med dagen i dag!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Hei
Da er vi tilbake i English Harbour etter to netter på Green Island.
Veldig bra. Vi snorkla på et rev som var kjempefint. Mye fisk å se
der. Hadde mye vind men vi lå helt skjerma.
God tur videre!
Flott å få ny oppdatering , ser Henrik har funne yndlingspositurane sine
. Her på denne sida av “dammen” regnar det akkurat no men idag har nå sola vist seg litt fram slik at vi ikkje skal gløyme korleis ho ser ut ..
hei mamma eg lurte på om du får fri på båten?????????????????
Hei Martin:)
Det er klart eg får fri:)
Ååå, eg e so misunnelig på deko! Kribla litt då eg såg bilda frå seglasen med azurblått hav og platt lens… Jaja, nokon må jo halda hjula i gang i Florø òg. Keep up the good work, guys! =)