Barbuda

18 km strand, seks båter på svai, god plass… :)Mere strand….Sidan vi skreiv at vi var litt usikre på veret tenkte eg det var best å fortelle at vi er komne vel fram. Vi ligg no på svai i Low Bay på Barbuda. Det er nesten vindstille og vi ligg heilt i le for svell.

Turen over var ein prøvelse. Ikkje på grunn av masse vind og sjø, men fordi den vinden som var vart so skarp (vinkelen) at vi ikkje klarte stå høgda. Dermed vart det motorsegling og stamping mot sjøen igjen. Kapteinens mareritt, men likevel langt betre enn kva det kunne sjå ut på varsla tidlegare i veka.

Når vi endeleg såg land gjekk derimot skuffelsen raskt over i begeistring. Høgste punktet på øya er berre ca 40 meter over havet, og den lengste stranda er 18 km lang! Vi gjekk inn på enden og fulgte denne oppover til Low Bay der vi ligg no, nesten ein time gjekk vi langs ubrutt kvit sandstrand i djupne på rundt 3 meter. Når ankeret satt var det berre å rigge seg til å cockpit med ein GinTonic og bivåne nok ein solnedgang. Ingen Green Flash i kveld, men mannskapet på Barolo, Pigalopp og Tempest var likevel einige om at dette var ein solnedgang av den vakre varianten.

Ein solnedgangNo er klokka ni her i Karibien. Det er mørkt i Barolo, mørkt i Pigalopp, og eg er den einaste som sit oppe i Tempest. Det er merkeleg kossen døgnrytma har tilpassa seg lyset. Vi er vel orginalt sett ein gjeng med B-mennesker, men her borte er det ikkje sjeldan vi er i seng klokka 21:00 og oppe og i gang rundt klokka 07:00 Då får vi utnytta dei tolv timane det er lyst maksimalt. Det er dessutan litt lettare å stå opp når det er lystbetont og ikkje ei plikt ;-)

Det er ikkje nett her, denne oppdateringa blir sendt via Satelittelefonen. Bileter av endelaus kvit sandstrand lyt eg difor komme tilbake til når vi har gått vidare og fått tak i nett. So long :-)

Red: Bilder lagt inn…

Eit av atraksjonane som er å få med seg er ein fuglekoloni som berre hekkar her. På eit lite felt i mangroveskogen var det tusenvis av fuglar.

Tempestgjengen og Pigalopp på guida tur for å sjå på fuglar.Parringskåte hannfuglar viser seg fram med raud bringe.Ein fugl som vi såg på ;-)

Val i karibien, litt andre slagord enn vi er vande med.Forutan stranda som var spatakulær, var det ikkje mykje anna å sjå. Sjølve byen på øya er liten og søvnig, og etter å ha besøkt butikken hadde vi vistnok sett det som var å se ifølge vår taximann.

0 kommentarer til “Barbuda”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar