Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Etter ein relativt rotete seglas, som eg trur kanskje det berre var kapteinen som nøyt, har vi no lagt oss på bøye i byen Gustavia på St.Barts. Her ligg vi med fiffen, dette er ferieøya til rike amerikanske filmstjerner og andre VIPer med fine vaner. Vi føler oss sjølvsagt heime her og vi, ikkje minst med det store innslaget av svenske navn over alt.
St.Barts har tidlegare vert svensk! Byen Gustavia er oppkalt etter svenskekongen på den tida, og mange av gatene har svenske navn. Her finn ein alt av merkevarer når det gjeld klær, sko og vesker, men ikkje ei einaste cockpitpute, som er det vi treng. Jack Nicholson, derimot, var observert på land av mannskapet. Han var på ein cafe og drakk vatn, men hysj, for den historia skal vi pynte litt på og selge til Se og Hør
I morgon går vi over til St.Marteen for å sjå kossen der ser ut. Det er der vi kjem til å forlate Karibien frå i byrjinga av mai, så vi stikk innom no for å orientere oss litt på veg til BVI.
3 kommentarer til “St.Barts”