Etter ein perfekt, og eg meiner PERFEKT, seglas over til BVI fann vi ut vi skulle ta ein stopp på Virgin Gorda og The Baths. The Baths er ei strandsand der det ligg massevis med enorme granittblokker i tilfeldige formasjonar som dannar masse stilige hulrom og grotter. EmBlem, Mango og Amor Fati har alle beskrevet dette som det beste stedet hittil på turen, og vi må berre stemme i.
Den perfekte seglasen var som følger; Satte segl klokka 20:15 utanfor St.Martin. Fann ut vi kunne gå platt lens, så vi spridde. På med autopilot mot Virgin Gordia. Raste gjennom natta utan å røre segla, og kom fram til BVI på morgonen. Farten låg mellom 6,5 og 8 knop heile tida. Kan det bli betre?
Sidan dette er siste dagen til Karianne, og ikkje minst bursdagen til Henrik, stoppa vi på det som vi har høyrt skulle vera rosina i pølsa. Det var det, og vi har i dag storkosa oss med snorkling og grottevandring ute på The Baths. Heilt fantastisk, og vi skal tilbringe fleire dagar der ute!
I kveld reiser vi over til Tortola der vi i lag med Pigalopp og Juno skal feire Henrik sin bursdag, samt ta farvel med Karianne. Ho vil bli sakna, og maten ombord blir nok litt stusslegare framover.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






eg grøsse når eg ser baracudaen!! godt ein ikkje veit kva som e i sjøen under seg… godt eg overlevde, he he… det det må vel vera paradis på jord?
No har eg komt vel heim, her er det kaldt!!!!!
Reisa heim var i lengste laget, men det gikk bra. Litt stusselig å ikkje ha nokon andra å snakke med.
Hotellet var heilt ok, dersom ein kjem på kvelden og skal reise igjen om morgonen. Vil ikkje anbefale det til opphold over fleire dagar.
Tusen takk for en kjempefin tur, eg er glad eg fekk oppleve dette.