Arkiv for 22. mars, 2009
Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
No kjem da seg her, betre enn vi har det no kan det vel knapt bli. Vi har god tid, ikkje noko stress, masse kjekke vennebåtar i området, klart vatn og ein undervannsflora som berre er heilt fantastisk! Dagane går med til snorkling og avslapping, slik skal livet levast. Vi ligg no i The Bithe, der vi deler moring med LasPrimas, og har Pigalopp rett bak slik at vi kan slenge tau over til dei og dra båtane hekke mot hekk. Veldig sosialt og fint, ikkje minst når Ann Kristin får det for seg ho skal bake sjokoladekake!