No kjem da seg her, betre enn vi har det no kan det vel knapt bli. Vi har god tid, ikkje noko stress, masse kjekke vennebåtar i området, klart vatn og ein undervannsflora som berre er heilt fantastisk! Dagane går med til snorkling og avslapping, slik skal livet levast. Vi ligg no i The Bithe, der vi deler moring med LasPrimas, og har Pigalopp rett bak slik at vi kan slenge tau over til dei og dra båtane hekke mot hekk. Veldig sosialt og fint, ikkje minst når Ann Kristin får det for seg ho skal bake sjokoladekake!
Til morgonkaffeien i dag fekk vi besøk av nok ein Baracuda. Stilig fisk som ikkje tar mykje notis av at vi hoppar i vatnet. Han gjetar flokkane med småfisk som svømmer rundt. Henrik tok på seg rolla som naturfotograf, og jumpa uti med kameraet parat. Blei nokre fine bilete.
Rett utanfor bukta her ligg det nokre huler i fjellet som man kan snorkle i. Fantastisk stad med massevis av forskjellige fiskar å sjå. Vi tok alle jollene utover, og hadde nokre fine timar i vatnet. Amor Fati hadde vert her før og lært seg triksa, så dei hadde med seg nokre brødsmular som vi lokka fisken med. Då fekk vi verkeleg oppleve følelsen av å symje rundt i eit akvarium!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






åh… alle dei flotte fiskane!!! gjett om eg er rimelig misunnelig. Kunne godt tenkt med å vært ei stund til.. Uten tvil!! Üansett er det kjekt å følge med på bloggen:) dokke får hilse!
Hei Sten, og alle andre.
Skal si jeg blir misunnelig på dere, som kan nyte friheten og varmen der dere er. Jeg sitter nå her på kalde Namdalseid med 1 meter snø. Har vært nesten det dobbelte men den har regnet bort siste ukene. Men nå er det kaldt igjen. Ellers så går nå dagene på Mølla som før. Skal hilse i fra alle, og ønsker dere en forsatt god tur. Snakkes
Hei igjen ! Takk for bursdagshelsing!! Vi hadde ein kjempefin tur til Gran Canaria. Eit av høgdepunkta var å da vi fekk besøk av Bjørn og Elisabeth. Koselig å treffe dei att etter alle flotte samkomene vi hadde i La Coruna.
Fantastiske opplevelsar de har no. Ser ut som de er i eventyrland !!
Kos dokke vidare og hels alle kjende fra oss!!