No har det gått ei stund sidan sist, men mykje har skjedd. Kapteinen forlot skuta og tok seg ein liten “ferietur” til St.Martin for å hente Anja som har tatt påskeferien på Tempest. Deilig med hotell, dusj og boblebad, så vi kosa oss der nokre ekstra dagar.
Tilbake på Tempest var Arnt, Henrik og Renate. Arnt og Henrik meldte seg opp til PADI OpenWater sertifisering, og har soleis utforska undervansfloraen her nede på djupare vatn. Strålande nøgde begge to når vi plukka dei opp på Peters Island etter siste dykket. Begge vart sertifiserte, og det på ein site som er klassifisert som eit av verdas 10 flottaste.
Det viste seg at Pigalopp og Saga-Tiba fortsatt var i området, og ingen av dei hadde sett The Baths enno. Vi avtalte dermed å treffe dei der. Vi har lagt to dagar på bøye utanfor denne utrulege stranda med alle dei store steinblokkene, og har kosa oss felt.
Den 2. april hadde kapteinen bursdag, så då spurte Morten på Saga-Tiba parkvoktarane om vi kunne få lov til å grille på denne spesielle stranda om kvelden. Det vart blankt avvist, men Morten lova på tru og ære at vi var gode nordmenn, ikkje støyande og brautande amerikanarar. Ved å love full opprydding fekk han tilslutt lov, og kapteinen på Tempest fekk den feiringa han drøymde om.
I morgon har vi planar om å gå oppover til Anegada, der Arnt har ein draum om å kunne få sjå rosa flamingoar. Vi reknar ikkje med det er nett der oppe, men følg med, vi kjem tilbake med bilete og rapport så snart vi er på nett igjen. So long ![]()


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






flott å sjå at de har det bra , måå berre sjekke minst en gong om dagen om det er noke nytt . no tek i påskeferie her , sola skin frå skyfri himmel
Gratulerer så masse med vel gjennomført bursdagsfeiring Sten Ingve, og tusen takk for fin oppdatering gjennom heile turen. Vi prøver etter beste evne å henge med, og det er artig å få med seg litt av livet i ei for oss “heilt anna verd”.
Riktig god påske til alle ombord!
Helsing Anne Sofie og Rolf
Hei Sten! Gratulere masse med dagen som var. Når kommer dere nedover mot USVI? Vi er på SVI og tar en tur nedom Poerto Rico før vi setter kursen mot USVI igjen. Håper å kunne treffes der.
MVH EmBlem gjengen
Bursdagen er over og det er vel “slik” det er……! Hadde to dykk her på Koh Tao, Thailand Bukten, i dag var flott! Så en skikkelig gammal Gren Turtle, de er det ikke så mange av her, ca 1m, var nede i 45 min x 2. Ser jo at dere har det topp….! VI FÅR HOLDE KONTAKTEN,,,,,,,,,!
Hils til ALLE…..!
Lofferene,,,,,,,,,,,,,,
Hei Folks.
Gratulerer med dagen KAPTEIN.
Godt å lese at dere har det fortsatt veldig bra. Nå som noen av dere er “dypvanns dykkere” vanker det vel nye jobber når dere kommer hjem. Nordsjøen kaller på dykkere.
Det at kapteinen til stadighet tar inn på hotell vitner om at han savner fast grunn under sandalene eller hva????
Håper dere fortsatt får mange fine opplevelser og ikke minst fine dykk. God tur videre så sees vi kanskje på Azorene. Vi regner med å være der ca. 5. juni
Hilsen
Mango i Ft. Lauderdale