Anegada

Tempest forran Pigalopp og ein norsk leigebåt i mellom bak. Bildet er tatt av Saga-Tiba som låg rett forran.Repetisjon av ungdomsskulepensum i matematikk. Gange og dele på papiret. Huskar du det enno?Anegada er eit av desse øyene som ikkje stikk langt over havet. Etter ein flott seglas i lag med Saga-Tiba, Pigalopp og ein norsk charterbåt var palmer som såg ut som dei vokste rett opp av havet det første teiknet på at vi nærma oss land.

Ikkje dei beste vegana, men vi kom framGjengen på “flamingositen”. Ser dykk flamingoane i bakgrunnen?Det beste bildet vi fekk av dei rosa flamingoane. Litt lang avstand, men vi har no “sett” dei :-)Det er ikkje så mykje  som foregår på Anegada, men for å få med oss det dei hadde å vise fram, leigde vi ein taxisjåfør som guida oss rundt. Runda gjekk først til ein saltvannspound der øyas stamme av rosa flamingoar held til. Vi fekk jo sjå dess fuglande, men frå andre sida av innsjøen. Ikkje ein gong guiden hadde vært nermare, så vi måtte slå oss til ro med at no hadde vi no iallefall skimta dei i det fjerne.

Litt skuffande med små iguanar i bur, vi har jo sett mykje større i fri natur tidlegare på turen.Etter flamingoane var det ein rundtur i byen, med innlagt stopp på iguanfarmen der dei oppforstrar iguanar som dei slepp ut når dei ser store nok til å klare seg sjølve. Ikkje så veldig imponerande, men vi fekk no lagt igjenn litt peng til lokalbefolkningen som sikkert treng dei meir enn oss.

Sandslottkonkurranse. Anja var dommer.Anja kjølar seg i azurblått hav. Deilige strender nord på Anegada.Turen hadde ein genial avslutning. Dei flotte strendene er på nordsida av øya, men der kan ikkje vi ligge. Derfor satte han oss av på stranda, og spurte nårtid vi ville bli henta igjen. Vi avslutta dagen med nokre flotte timar på ei krittkvit strand med flott korallrev å dykke på rett utanfor.

0 kommentarer til “Anegada”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar