“Alle” har vel høyrt om Soggy Dollar Bar? Ikkje? Vel, på eit av dei flottaste kvite strendene i karibien, på øya Jost van Dyke, ligg baren der dei fann opp drinken Painkiller. Der er ingen plass å gå i land på, anna enn via stranda, så tradisjonen er at man tar med nokre dollar i badebuksa og svømmer inn. Det er grei skuring, utfordringen er når man etter nokre fantastiske Painkillerdrinkar skal svømme ut att…
Vi har hatt nokre flotte dagar her, tatt oss litt Påskeferie vi og. Rett utanfor stranda ligg eit rev som beskyttar for svell, og vi har ankra opp på innsida med perfekt svømmeavstand til land. Vi koser oss maks, og har det veldig bra. Nyter dei siste vekene vi har igjen i karibien.
5 kommentarer til “Jost van Dyke, Soggy Dollar Bar!”