USVI og kinokveld

Fullmoonparty på Bomba Surfside ShackLite med Delfinar for tida, men skilpadder ser vi mykje avEtter 14 dagar med Karibienpåske var det tid for Anja å reise heim at. Vi gjekk over til Cane Garden Bay på Tortola for å sende resten av mannskapet på Fullmoonparty på Bomba’s Surfside Shack, medan vi tok ein siste roleg kveld i båten. Vi fekk ikkje vist Anja nokon delfinar her heller, det har vert lite av dei i Karibien, men skilpadder som svømmer mellom båtane er jo litt eksotisk det og…

Bomba’s er ei lita bule bygd opp av drivved, som er kjent for ein spesiell soppte som vistnok skal ha ei spesiell effekt. Teen fekk stå urørt, men mannskapet koste seg vist lell…

Norsk samling i WhiteBay, på Soggy Dollar Bar sjølvsagt.Etter at Anja hadde tatt båten vidare til St.Thomas, hadde vi avtalt med LasPrimas å møte dei på Soggy Dollar Bar. Utover dagen viste det seg at mange norske båtar hadde tenkt den tanken, og vips så blei det stor norsk fest igjen. Vi starta med Painkilller på Soggy og avslutta festen i Rattata som vi nesten ikkje har sett sidan jula på Bequia.

Ein kveld med Painkiller gir gjerne ein dag med hodepine, så vi tok ein ekstra dag i White Bay. Det viste  seg å være Påskeafta, og vi vart invitert over til Rattata på middag. Veldig hyggelig kveld, og vi misunner dei som har ein vassekte kokk ombord. Takk for eit fantastisk måltid!

Kinokveld mellom palmane  i Honneymoon BaySidan vi har brukt så mykje energi før vi reiste på å skaffe oss Visum til USA, kunne vi nesten ikkje la være å ta med oss USVI. Vi gjekk difor over til St.Thomas og Honneymoon bay. Der hadde vi lest frå andre sine bloggar at dei hadde utekino mellom palmane kvar mandag. I lag med AmorFati, LasPrimas, Saga-Tiba og Rattata fekk vi ein veldig spesiell kinokveld på stranda.

No skal vi over til hovudstaden, Charlott Amalie, for å ta ein shoppingdag.  Dei skal vistnok ha Karibiens største taxfree fotobutikk. Eg vurderar sterkt å kjølhale Visakortet og sitte igjen i båten…

2 kommentarer til “USVI og kinokveld”


Skriv en kommentar