Mykje Honey-navn her borte, og denne gongen har vi funnet ei strand som heiter Honeymoon Beach. Det er på St.John, og vi gikk hit fordi Fredrik på Rattata sa det var eit av dei beste snorklestedene då han var her sist for 12 år sidan.
Det gikk som det ofte har gått her borte. Dei norske båtane kjem ein etter ein når ryktet begynner å gå om kvar det er samling, så i løpet av dagen var moringane kapra av oss, Rattata, LasPrimas, Saga-Tiba og Barolo. Og Fredrik hugsa absolutt rett, det var ikkje det beste korallstedet, men snorklinga var likevel bra.
To sekund etter vi hadde henta LasPrimas og hoppa uti frå Tempest for å snorkle oss bortover revet mot Rattata, såg vi den største rokka vi har sett så langt på turen. Berre halen bak anslo vi til å være fleire meter lang. Etter mange andre mindre rokker og anna fisk, møtte vi ein luring som vi ikkje har sett i det fri før. Ein stor HAI!! Det var ikkje fritt for eg skvatt, og sjølv om vi har fått vite at desse haiane som ligg i ro på bunnen ikkje er farlege, så var vi ikkje så høge i hatten der vi gjekk så nært vi turde for å få tatt eit bilde. Det er vanskelig å anslå størresle på ting under vatn, men vi var alle einige om at den ialllefall var over to og ein halv meter lang., men blir sikkert lenger etterkvart som vi får fortalt historia nokre gongar
Etter bading og snorkling var det tilbake i båtane og i gang med middagslaginga. Men som så ofte før på langtur, det planlagte skjema tok brått ei anna vending. Dette var jo siste kvelden vi hadde med LasPrimas, og Rattata (dei som vann partyprisen på ARCen) synest det var for gale at alle skulle spise kvar for seg. Dermed blei det vorspiel i Rattata, middag på byen, nightcap på ein pub og nachspiel i Rattata igjen. Kjempestemning og ein absolutt verdig avskjedskveld.
Morgonen etter var det lite liv i dei tre båtane, og det hadde SagaTiba fått med seg. Morten dro tidleg til land og handla alt han kunne få fat i av kald drikke, kaker, muffins og sånne franske frukostgreier som eg kan uttale namnet på men ikkje stave. Så var det på ny samling i SagaTiba der vi fekk tatt farvel med dei og.
Det er ikkje til å legge skjul på at vår periode i Karibien definitivt går mot slutten, og ekstra sterkt opplever vi det når vi no etterkvart ser våre gode venner for siste gang (på denne turen). Vennskap knyttes raskt på langtur, og vennskapa blir tette og intensive. Både LasPrimas og SagaTiba er båtar vi har seilt mykje med, og sjølv om vi er nokre barskingar trilla det nokre tårer i det vi tøffa utover og såg dei andre ligge igjen. Tusen takk for mange gode stunder og minner, og ha ei god reise heimatt. Det blir gjensyn i norge, og det gler vi oss masse til!
No sit vi i båten på The Baths igjen, og om ikkje lenge skal vi over til EmBlem og ta eit siste farvel med dei og. I morgon litt utpå dagen setter vi kursen over til St.Martin igjen, der vi skal klargjere båten for heimtur. Vi går i lag med mange andre, det kan se ut som det blir 12-14 norske båtar og nokre utanlandske, og vi lagar eit slags rapporteringssystem som liknar litt på ARC opplegget for å halde kontakten når vi er utpå.
Turen over til St.Martin vil ta nesten eit døgn, og vi reknar med å være inne på formiddagen søndag. Då gler vi oss til å sjå om våre venner i mellom anna Ruffen, Leikaren og Motgang har kome på plass. Dei har vi ikkje sett sidan Europa…
6 kommentarer til “Snorkling med Hai og avskjed med venner”