St.Martin igjen, klargjøring til havkryss

Ekspedisjon til eit fort med Hilda frå Ruffen og Turid frå Leikaren. Tempest ligg i byen dykk ser langt nedi der.Overseglinga tilbake til St.Martin gjekk fint. Nesten ingen vind, berre akkurat nok til å få litt støtte i storseglet så vi ikkje vagga so mykje. Motor gjennom natta, og trygt framme på St.Martin tidleg morgon. Her er det forberedelsar for kryss som pregar stemninga.

Sosialt og moro å ligge ved brygga. Alle kjem innom for ein prat. Veldig moro å treffe Ruffen, Leikaren og Motgang igjen.Tempestkapteinen held “mail via Satellittkurs” for Ruffen og Leikaren.Petter frå Motgang har defekt motor. Men vi er da seglarar…. ;-)Vi gjekk inn og la oss nokre dagar inne i marinaen innerst i lagunen på Fransk side. Ein koseleg liten by, ekstra koseleg fordi vi fungerte som dinghydock for alle dei andre norske båtane og dermed fekk masse kaffigjestar. Ruffen, Leikaren, Motgang, Pigalopp, Yr, Rattata, Mari, Orion og sikkert fleire ligg alle her no for å forberede krysset tilbake til Europa. Stemningen er litt som då vi låg i LasPalmas og forbereda oss til vårt første Atlanterhavskryss. Alle fiksar og ordner, og dialogen går tett på kanal 72 (73 er reserve SAR kanal på denne øya) om kor ein kan få tak i og fiksa alt mulig. Men tid til ein kaffi eller øl innimellom har vi sjølvsagt alle ;-)

Riggsjekk fekk vi proffar til å ta, det er ei billeg forsikring.Vinsjane demonterer vi og smører opp igjen. No let dei så flott atte ;-)Sjølv har vi fått tatt ein proff riggsjekk. Dei fann heldigvis alt i orden, det blir fort dyrt når dei gutta finn feil. Vi har gått igjennom koblingane på elektronikk som har juksa litt, og vi held på med å demontere og smøre opp igjen alle vinsjane. Det som gjennstår er eigentleg ein siste gjennomgang av tauverk og rens/smøring av blokker, samt sjølvsagt eit ikkje heilt uvesentleg punkt; proviantering. Det blir litt lettare no som vi berre skal vere tre på krysset, men krever likevel god planlegging. Sjølvsagt har dei funnetpå å legge Bankholliday rett før vi skal reise, så vi driv no og sjekkar når tid siste opningsdag på dei store butikkane før vårt kryss blir.

På same vis som i Las Palmas legg vi også her opp til litt feiring før vi legger ut. Den 28.april blir det samling for alle norske (og alle andre som vil) som skal krysse over på ein strandbar med bål på stranda, og den 30. er det karneval i hovudstaden. Det blir litt moro i og med vi har klart å gå glipp av alle andre karneval her i Karibien. Det er også den dagen Renate og Henrik reiser heim, og Odd Jarle Østvik  og Kari Klocke mønstrar på for å segle med til Azorene.

I lag med Pigalopp har vi tatt initiativ til å lage eit mailnett for båtane som seglar over. Alle rapporterar til ei adresse klokka 12:00 UTC, og får svar tilbake innan 18:00 UTC med posisjon og rapport frå dei andre som er utpå. Det er ikkje berre sosialt moro, det er også ein sikkerhet i å vite kven som er i nærheten dersom ein treng assistanse av noko slag. Vi kjem også til å plotte alle båtane sin posisjon kvar dag på www.seiltur.no/atlanterhavet slik at folk heime kan følge med etterkvart som vi seglar. Dersom det skulle være båtar som skal segle over som ikkje har fått mail om dette frå oss eller nokon andre, så er det berre å ta kontakt.

Henrik poserar under eit stort fly.Arnt og Christian frå Rattata ser om dei når opp til flyet.Arnt og Bente frå Rattata blir sandblåst av ein jumbojett!I dag er det rekognoseringsrunde for å finne gode butikkar å proviantere i. Karibienpreioden har vert ei heilt fantastisk tid, men no har eg blitt veldig klar for å få Tempest inn i langturseglarmodus igjen :-)

9 kommentarer til “St.Martin igjen, klargjøring til havkryss”


Skriv en kommentar