Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi er klare til å utfordre Atlanterhavet igjen. Mannskapet er på plass, provianteringa er unnagjort, og vi ligg no berre å ventar på det rette været. Desverre ser det ikkje ut til at det er så gunstig å gå i morgon, det blir kryss nordover, så vi er no litt usikre på kva vi gjer. Skal snakke litt med dei andre båtane og sjå. Kjem uansett tilbake og melder i det vi går ut….
Igjen er det lillebror og firstmate Arnt som har tatt ansvaret for bunkringa. Han har gjort ein kjempejobb, og i dag skal vi ut og ta ein kombinert avskjeds og bursdagsmiddag. Lillebror blir nemlig 31 i dag, GRATTIS MED DAGEN!!! I morgon reiser han tilbake til Norge ein tur, så gledar eg meg til han mønstrar på igjen i Irland!
Henrik og Renate forlot oss i går. Eit ønske frå jentene i Brendøyvegen 10 var eit etter bilete av meg og Henrik for å sjå om brunfargen hadde tatt tak. Eg må sei eg var litt nervøs, for Henrik har verkeleg tatt farge. No har vi stilt godt opp på dei utfordringane Herdis og Hanne Petrine har komme med, så her er ei utfordring tilbake: Vi ønsker oss eit bilete av Henrik i mellom mor og søster når han kjem heim. Dykk kan jo bruke Henrik sitt nye kamera, dvs. dersom han får stilt inn kvitbalansen då. Til det reknar eg med Roald stiller seg disponibel til….
So long, vi ligg no her og er klare. Melder frå før vi går…
Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
It’s actually very complex in this active life to listen news on TV, therefore I
simply use world wide web for that reason, and take the hottest information.