Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
I dag sit vi alle mann i cockpit litt småtrøtte og forvirra. Noko er i gjerde… Seilsekken til Genakeren er borte, barberhalet har forsvunnet, vinden er vekk og det er ingen kommentarar til bloggen. Mystisk, og det enda her verken er ugler eller mose, berre sniper og hav.
Vi er usikre på kossen det har gått med den fronten som jagar oss, vi har ikkje fått nordavind, så vi antar den fortsatt er bak oss. Men i natt har vinden gått opp og ned som ein jojo. Først så svak at vi starta motoren, så blåste det opp så vi måtte ta ned genakeren, så opp igjen med den, og no på morrakvisten måtte motoren i gang igjen.
Er litt spennte på værmeldingane i dag, då vi jo gjerne helst vil segle. Har jo ikkje diesel til å krysse heile havet, men nokre døgn til har vi no. Har lagt kursen litt lenger sør enn direktelinja for å posisjonere oss til ein meir austleg vind seinare, samt ha betre marginar i forhold til tullballvinden i forbindelse med kaldfronten og danninga av nokre sekundære lågtrykk.
Alt vel ombord
11 kommentarer til “Dag ti. Hmm - mystisk”