Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Mykje vind, skarp kurs og lite søvn pregar forsamlinga. Men motet er på topp, vi kom tross alt i frå lågtrykket, og posisjonerar oss no for nordleg vind som skal føre oss til Horta. Roer seg ned med både vind og bølger frå no og utover.
Natta igjennom har vi hatt 30-34 knop relativ vind inn 45 grader styrbord. Det gjer forholda ombord litt ubekveme, det ligg veldig på skrått, og ein får ikkje gjort so mykje anna enn å klamre seg fast. Men med godt nedreva segl går Tempest som eit lokomtiv igjennom bølgene. Litt stamping no og då, men vi er jo tross alt på ein 36 fots seglbåt midt i Atlanteren.
Ellers håpar vi på litt mindre vind og bølger til 17.mai feiringa ombord, ellers trur eg det kjem til å gå med mykje Gaffateip til eggeløpet, og at sparkesykkelløpet må flyttast til lo skuteside. Reknar med russen skal ha feiring i kveld, men eg trur dei lyt legge om planane om å samlast i første saling…
I løpet av gårsdagen fekk vi igjen kontakt med Pigalopp. VHFen vår har vi fått til å virke litt innimellom igjen, og no har den starta å pipe med jamne mellomrom. Det plar bety at Pigalopp sjekkar vår posisjon via DSC, og det gjorde det jammen no og! Andre båtar vi høyrer på VHFen er dei to danske båtane Chilli og Avalon, som også er på veg til Horta.
Spørsmål om Frivind.no og betaling; Ja,på ein måte, vi har kjøpt Frivind for heile året, og det inngår dermed i båtens utgiftkasse. Dei som er på besøk betaler ein døgnsum som skal dekke deira del av forsikring, Frivind, diesel og generell slitasje.
Vi gratulerer Florø by med 149 årsdagen, og syng sjølvsagt nokre strofer av “Skjønn er du by” som Anja har sendt 17.mai komiteen ombord teksten på.
Alt vel, Kapteinen
4 kommentarer til “Dag tolv. Det humper opp, det humper ned …”