
Gratulerer med dagen alle saman! Og gratulerer med Grand Prix finalen i går. Vi fekk jo ikkje sett den, men nyheten om Farytale som vann har nådd Atlanterhavet også.
Nok ei natt med god vind og relativt store bølger. Nokre gonger glir vi timesvis avgårde i rundt 7 knop, andre gonger blir vi stoppa av bølgene forfra og farten går ned til rundt 5,5 og båten blir litt uleveleg. Heldigvis mest av det første det siste døgnet.
17.mai starta med russemoro. Mannskapet blei purra med “Ja vi elsker” på tåkelur. Etter vekkinga og første nedlasting av mail, måtte sjølvsagt anlegget på og vi spelte “Farytale” på full guffe utover Atlanterhavet
Tenker det var stor feiring i LasPrimas i går,dei har verkeleg tatt til seg songen og sørga for at det har vert årets landeplage i Karibien
Responsen på “Farytale” på full guffe var litt magisk, vi fekk for første gong på denne overfarten besøk av ein flokk delfinar. Skikkeleg leikne, med dei høgste hoppa eg har sett so langt. Dei kom for å gratulere oss både med 17.mai og GrandPrix trur vi
Vi tenker på dykk alle der heime,og håpar de har ei fin feiring med masse leik og moro, og ikkje minst is. Det er litt mangelvare her ute sidan vi ikkje har frysar…
Alt vel, Kapteinen


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Hurra for Norge og for Alexander Rybak!
Til lukke med dagen.
Håpar vind og “føreforhold” har vore slik at de fekk gjennomføre det flotte 17.mai-programmet dykkar.
Her har vi hatt ein strålande og varm 17. mai!
Hei TEMPEST! Grattis med dagen og med en av de beste seilbloggene om langtur! Morsotm å lese
Håper dere vil få anledning til å slappe litt av i atlanterhavsbølgene - nyt seilasen.
Hurra!!
Gratulerer med dagen ombord… Her har det vært tradisjonell feiring med salutt, tog, leiker, is, brus pølser, rømmegrøt,ny salutt, et tog til, mer is, kaker, kino, mer is og så ei pils mens guttungen tar ut siste piffen på trampolina…. zzzzzzzzzz
Håper dere får en fin seilas på resten av overfarten.
Hilsen fra Høyanger
Gratulerer med dagen der ute i det blå!
Skulle gjerne vore “where the dolphins do play, and the cold coast of Greenland is far, far away.”
God tur vidare
Gratulerer med dagen alle sammen! Jada, her har det vore is i lange baner, rømmegraut og finklede. Trur likevel (eller kanskje akkurat derfor…) at eg gjerne skulle ha bytta (o=
Sidan vi no er ferdig med 17.mai for denne gongen ( klokka er over 12 ) tenkte eg de skulle få eit av laurdagens spørsmål frå quizen i BT : Nasjonalplanten i Bangladesh er også et yndet motiv på en del malerier . Planten finnes også i Florø ( og ellers i Skandinavia ). Dersom du står under planten i mer enn 5 minutter uten beskyttelse , risikerer du å dø . Hvilken plante ?
Hva ble resultatet etter potetløpet, og var det nødvendig med gaffatape ?
Når regner dere med å være inne ?
Kjære Odd Jarle, Sten Ingve og Kari!
Ser de har det veldig fint men kanskje litt uroleg. De er ein fin gjeng som de alltid har vore. Flott bilde av dokke i Firda i dag, men sparkesykkelen fekk de ikkje brukt. God tur til land, når er de inne?