Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Jammen går tida fort, to veker på havet er unnagjort. Føles egentleg ikkje slik, det går i ett og ein mistar litt perspektiv på dagane. Det eg trudde skjedde i går skjedde for tre dagar sidan osv…
Det høres ut som dere har hatt tøffe forhold i Oslofjorden ja, Escape Vi reknar med å være inne 22 mai klokka 11:32. Skuta ferdig vaska klokka 14:38. Landlov etter ein skål klokka 16:00 som startar med felles avgang til Peters. Endely, dykk står vel og tar i mot oss?
Det vart ei 17.mai feiring i alt anna enn vater. Når Odd Jarles brød var ferdige laga eg og Kari til brunch. Eggerøre, bacon, masse ostevariantar, masse pølsevariantar fint dandert på mange fat. Så går skippern på “brua” for å legge skuta i litt meir “stabilt sideleie”. Det gjekk so det måtte gå, ufrivillig jibb og all maten i dørken! La oss bi på skikkeleg vis, vaska i ein halv time, laga ny eggerøre og åt. Kari takla det heldigvis med å få latterkikk, eg må innrømme eg hadde litt andre forventningar til humøret hennes når eg med halen mellom beina kraup ned att for å hjelpe til med oppryddinga.
Leikane gjekk også “så der”. Plassen er jo litt begrensa, og Odd Jarle vann alt på den fysiske fordelen han har av å ha lange bein. Eit spark på sykkelen og han var i mål, eit hopp med sekken og han var i mål. Einaste eggeløpet, der vart det delt førsteplass på alle mann, men dei egga var so godt teipa at dei hadde overlevd ein atomkrig.
No ser vi veldig fram til eit døgn eller to i vater. Merkar allerede at vinden løyar og bølgene er nedadgåande. Det skal no bli heilt stille ein periode før vi får att vinden frå nord. Då må vi slå (det må vi lese oss litt opp på!?!) over på babord hals, og håpe vi har opparbeida nok høgde til å stå rett inn til Horta
Quizen vi fekk frå Hanne Petrine trur vi er Gullregn? Det er vel dei ugiftige variantane vi har her, men den finnast vistnok også i ein giftig…?
Alt vel, Kapteinen
5 kommentarer til “Dag fjorten. To veker paa havet”