Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Verden smilar litt meir ombord i dag. Det var berre å sette Kari på vakt i natt, så roa sjøen seg og båten vart langt meir leveleg. No er det berre runt 100 nautiske att til Horta!
Vi slit veldig med å halde høgda, men støttar med motor innimellom for ikkje å sige for langt ned. Vi nektar å gå eit halvt døgn ekstra og krysse oss på tvers oppover på slutte. No skal vi i på Peters Sportcafe og fortelle skrøner om kor dramatisk turen har vært!
Reknar med Pigalopp er inne om nokre timar, og håpar dei og Rattata orienterar seg og rapporterer til oss om forholda. Har høyrt at det er trangt om plassen, så det spørs om vi må på med sjarmen for å få plass. Eg pleier å sei: “But Tempest is a very small boat, it fits almost anywhere” og har då stort sett fått plass.
Musikk på anlegget, lite bølger, grei vind, sol frå skyfri himmel og berre ei lita forhaling att til land. Livet smiler
Alt vel, Kapteinen
4 kommentarer til “Dag sytten. Optimisme”