Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
… men god stemning i hamna på Horta! Vi ligg her langt på overtid, men været får vi ikkje gjort noko med.
Odd Jarle og Kari har reist heim, og Tempest har fått nytt mannskap. Benedikte Svardal, mi kusine og lillesøster til Fetter Benny som var med over Atlanteren andre vegen, har mønstra på. Ho valde Tempest sommerferie i år, og blir med over til Irland. I tillegg har vi mønstra på Caroline von Simson som plutselig sto på kaia her. Ho har reist rundt på forskjellige båtar i Karibien i eit halvt år, og kom hit med ein båt som skulle vidare til middelhavet. Men no har ho altså mønstra på hos oss.
Eg har forhøyrt meg med kaptein Anders på Aurelia om kossen det er å segle med to damer som mannskap. Hans svar var kort og konsist: Det hjelper ikkje mykje å vere Kaptein når det er Admiraler ombord! Så vi får sjå koss det går, men hittil er no alt berre velstand. Caroline har nett baka brød, og vi har leita fram ein boks med makrell i tomat frå reservelageret som vi har dradd med heilt i fra norge Så no sit vi her og kosar oss med “norsk” mat medan vi lagar provianteringsliste for ti døgn på havet.
Fordelen med at vi har måtta vente her så lenge er jo at vi no snart har fått samla heile den norske flåta igjen. Båtane som for tida er våre naboer er: Rattata, Pigalopp, Motgang, Aurelia, Yippi, Tu Can Tango, Ruffen, Leikaren, Tatt Av Vinden, Yr, Villvind,Orion, Mari og Røvær. I tillegg ligg her ein del danske og svenske båtar.
I går var det stor mottaking for Ruffen og Orion som kom inn. Steffen annonserte bartefest når dei kom inn, så alle norske båtane tok sjølvsagt skjegget og lot barten henge att. Eg kan trøste dykk med at i dag har også barten forsvunnet, eg vart ikkje heilt venn med den. Men kva gjør ein vel ikkje for å ta godt imot gode venner som har vært 25 døgn på havet
No håpar vi verkeleg at Mads i Frivind finn ei god opning i mellom lågtrykka som vi kan gå på. Dersom det drøyar lenge er det fare for at Benedikte må fly heim for å rekke jobb. Foreløbig ser det ut til at det skal gå greit, vi kryssar iallefall fingrar og tær for det!
2 kommentarer til “Kaotisk vær….”