Arkiv for juni, 2009
Så ligg vi i Inverness. Dette er siste stopp før Norge, og vi jobbar no med å klargjere Tempest for sitt siste havkryss i denne omgangen. Det ser ut til at det blir i minste laget med vind, så no er det motorservice og fylling av diesel som står på programmet, sjølv om kapteinen har ein hemmelig draum om å kunne gli fint over med Genaker.
Etter å ha blitt slusa oppover ein dag, tok vi første natta i kanalen på innsjøen Loch Oich. Det er eit fantastisk landskap å “segle” igjennom, og med det været vi endeleg har blitt velsigna med, er det heile ei fantastisk oppleving. Alle slusene og bruene er oppererte her, så vi gjer ikkje anna enn å halde våre eigne tau medan vatnet stig eller synker i slusa.
Så var Obanbesøket over, og vi har hatt ein nydeleg dag på fjorden (9,2 knop for motor igjennom eit sund med rimeleg sterk strum!) inn mot Fort Williams som er der Caledonienkanalen starter. Den går herifra til Inverness, er ca 50 nautiske mil lang, har 29 sluser og 10 svingebroer. Den opnet første gang i 1822 og var ei viktig transportkjelde mellom Nordsjøen og Atlanteren.
Så var det krysning av Irskesjøen. Det går unna når ein treff på straumane. Nøye planlegging av tidevatn og strum gav oss rekordtempo over til Skotland. Ellers er det ikkje mykje å skrive om denne dagen, nitrist vær. Ingen vind og lågt skydekke gav motorbåttur med kalesja på… Men vi kom oss no til Skottland, og i morgon er det Crinankanalen!
No er verkeleg mannskapet på TurboTempest inne i ein TurboTurist periode her. På to døgn har vit tatt Sightseeingbuss i Dublin, besøkt Guinnesmuseumet, segla nattseglas til Bangor, tatt toget til Belfast og tatt Seightseeingtaxi der. No vurderte vi å ta nattseglas på direkten over til Scotland der vi skal igjennom Crinan kanalen, men det viser seg at vi då vil gå mot straumen uti fjorden her.
Vi prøvde å få plass heilt inne i bykjerna av Dublin, men det var vistnok berre for større skip og prydskuter. Kvifor vi ikkje gjekk inn under den kategorien veit eg ikkje, men vi fekk istaden plass i Poolbeg marina som er ca 30 min til fots frå sentrum. Dagen etter kom også Pigalopp, og vi blir begge liggande her til iallefall fredag.