Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Ja, så var det slutt på dei sterke vindane, og vi er i gang med sjarmøetappen innover mot Irland Reknar med å vere inne fredag, kanskje torsdag om vi får vindane med oss.
Det er ganske slitsomt å segle i litt hardt vær. No er det ikkje noko ekstremvær vi har vert igjennom, men for ein gjeng amatørar på ferietur var det ganske fasinerande. I 10 timar hadde vi vind som låg og jaga mellom 35 og 45 knop. Det høgaste vi målte (true wind) var 51,5. Vi var ikkje inne i sjølve lågtrykket, men var igjennom sterke vindar nordafor det, som igjen vart forsterka av ein occluderande front. Dei sterkaste vindane rundt lågtrykket var på Sør- og Søraustsida, der det blåste jamnt 40-50 knop. Der var heldigvis ikkje vi.
No er kanskje ikkje vinden det værste, men den rotete sjøen som blir når vinden jagar so fort opp. Bølgelengda blir veldig kort, og bølgene blirliksom ikkje heilt einige om kva veg dei skal gå. Men med rett seglføring og press i segla gjekk Tempest imponerande jamnt og godt igjennom. Vi låg på kryss med stormfokk og litt storseil igjennom heile vegen, og justerte så romt at vi ikkje stampa for mykje i bølgene. Ein del bølger braut inn over oss innimellom, men eg hadde egentleg forventa at det skulle bli langt våtare.
Vi er godt nøgd med å ha kome so pass lett unna lågtrykket. Takket være vår værrutar, Mads i Frivind.no, var vi klar for kva som venta oss, og fekk forberedt oss godt. Litt overnervøs blir man jo når man ikkje har vert uti slikt før, så vi var budd på storm og det som verre var Men alt gjekk veldig bra og eg er spesielt nøgd med at ingen på nokon punkt var nervøse eller redde.
No er det langt rolegare forhold her. Vi har eit ørlite håp om å få lufta Genakeren, det hadde vert ei flott finale på dette krysset. Ellers gler vi oss faktisk også til litt motorsegling så vi kan få tørka båt og klær.
NB: Takk for kommentarar og mail, det er kjekt å få helsingar her utpå!
Alt vel ombord!
3 kommentarer til “Rolegare”