Motorrusk

Feiring.JPG

I går hadde vi først på dagen nok ein nydeleg dag for motor. Sidan vi hadde litt å feire, gjorde vi det :-)

Etter å ha spist Kapteinens Kjøttkaker til middag, var det klart for Kapteinens Sjokoladekake (har fått den frå Endely!) og Champagne til desert. Sidan vi var litt opptatt med vær og vind når vi var halvegs, utsatte vi halvegsChampagnen til i går. Når vi først hadde den på bordet feira vi likegodt Christian på Rattata sin 40 års dag litt på etterskudd og. Og vi feira at det gjekk så greit medlågtrykket som trua oss ei stund.

No er det strake vegen til Kinsale. Vi har ikkje så langt igjen, men det ser ut til å bli ei seig etappe. Vinden blåser frå Kinsale til oss, og som dei fleste andre seglbåtar går Tempest litt dårleg rett mot vinden. I tillegg har motoren begynt å fuske, jagar turtal nett so den går tom for diesel. Skal fylle på meir, sjølv om det ikkje er tomt, men har mest trua på at eg lyt til å skifte nokre filter.

Reknar fortsatt med Kinsale på torsdag, altså i morgon ein gong :-)

Alt vel ombord!

3 kommentarer til “Motorrusk”


  1. 1 Odd Jarle

    Håpar ikkje Admiralane slit deg ut, når du må varte dei opp med både middag, dessert og god drikke. Med så mange ting å feire på ein gong må det jo ha vore skikkeleg triveleg ombord. Gløymde du forresten å feire at du hadde fiksa bordet i cockpit? Er klaffen på bordet nede fiksa også? Hmmm, du må ha stått på i Horta for å fikse alt dette. Eg er impregnert ;-)
    Uansett, alltid gøy å ha noko å feire. Og til slutt, sidan du er framma i morgon ein gong er det kanskje likegodt å vente med filterbytte til fredag, når First Mate’n mønstrar på. Arbeidslista hans er vel så lang no, at litt til og frå ikkje gjer så mykje.
    Ship-o-hoi

  2. 2 Arnt Hellevang

    Har fått beskjed fra Sten motormann om at motoren er fiksa og går som ei klokke igjen:) Filterskift var det som skulle til.

    Odd Jarle, kva er det du veit som kapteinen ikkje har nevnt for meg?;)

  3. 3 Odd Jarle

    hehe

Skriv en kommentar