Land i sikte!

Benedikte var det som på nattevakta si (03:00-06:00 UTC) fekk æra av å vere den som ropte “Land i sikte!”.

Så var det Caroline som tok over (06:00-09:00 UTC) og manøvrerte Tempest trygt inn langs sørvestkysten av Irland. Når eg stod opp i dag tidleg gjekk vi med land, “Den grønne øya”, på babord side, dybdemålaren viste for sørste gong på 9 døgn eit reelt tal, det var masse forskjellinge fuglar, fiskebåtar sirkla rundt oss, mobilen hadde dekning, vi såg hus inne på land og kjennde lukta av nybakt brød! Ehh.. nei vent litt, lukta kjem jo herifrå… Juhuu! Då er det Caroline som er i sving med baksten igjen! Nei no er det berre velstand ombord :-)

No gjenstår det berre å gå langs land oppover til Kinsale der vi reknar med Pigalopp ligg og ventar på oss med varm Pizza og ein kald ein ;-) Aurelia har hastverk med å komme seg til norge, så dei droppar ankerdrammen i Irland og fortsetter oppover den Engelske kanal. Vi er litt for nyfikne på om dei kan å lage Guinnes i dette landet, så vi tar ein aldri så liten stopp ;-)

Postar ein ny post når vi er inne, reknar med det blir rundt klokka 15:00 UTC

Alt vel ombord!

4 kommentarer til “Land i sikte!”


  1. 1 Stig Jarle

    Gratulere med nok eit vel gjennomført seglas!

    Godt å vete at de er (nesten) vel i hamn. Ta nokre vel fortjente drammar!

    Stig Jarle

  2. 2 Mari

    Vi venter på dere også!!!!

  3. 3 Elisabeth og Bjørn-Åge

    Velkommen til Irland.
    Vi ligg i Dublin men reiser videre i morgen tidelig. Nyt den grønne øy.
    Klem

  4. 4 Vidar Storsletten

    Vel blåst med overfarten. Dette gikk jo fortreffelig. Blanda vær men skikkelig “kapteinsservice” på turen. Lykkelig er den som får nystekt brød med nylaget omelett og kaffe. ….moms….moms…
    Om dykk ikkje fær Guinnes i Shamrock country, så lyt dei setta kursen mot det vene Vestland og ein iskald Hansa.
    Christian rapporterer om en balansert 40-årsfeiring i Horta. Ser av posisjonsrapporteringen din at de er på stø kurs mot Falmouth.
    Fortsatt god tur.
    Vidar

Skriv en kommentar